Bjørnafjorden kommune Heimetenester Eikelandsosen

Helgestillingar

Vi har fleire ledige faste helgestillingar frå snarast, i varierande stillingsstorleik (13 - 22%).

Har du lyst til å jobba i heimesjukepleien saman med gode kollegaer? Då er dette ein flott moglegheit for deg som er i eit helsefagleg utdanningsløp til å få lærerik praksis i høve utdanninga di.
Er du ufaglært og har interesse for arbeid med mennesker er du også velkommen til å søkja, og tidlegare arbeidserfaring vil bli vurdert opp mot det som er relevant for stillinga.

Stillingane er i turnus med arbeid på helg etter gjeldande turnusavtale.

Det vil bli gjort fortløpande tilsetjing i helgestillingane slik at vi oppmodar om at du sender inn søknaden din snarast!

Vi ser fram mot å høyre frå deg!

Arbeidsstad
Heimetenester, gruppe 1 og 2

Arbeidsoppgåver
Pleie- og miljøarbeid
Medansvarleg for dokumentasjon og medikamenthandtering
Ansvar for å gje hjelp ut i frå brukaren sitt vedtak og til avtalt kvalitet
Bidra til god ressursutnytting og tverrfagleg samarbeid
Bidra til at interne og eksterne lover, reglar og prosedyrer blir følgd
Fokus på fagutvikling
Vera pådrivar for planlegging, iverksetting og evaluere tiltak
Bidra til godt samarbeid med brukarar og pårørande
Bidra til godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar
Helsefagarbeidar, studentar innan helsefag, assistentar, evt andre med relevant helsefagleg erfaring
Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
Bestått Norskkurs Nivå B1/B2, for søkjarar utanfor Norden
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjen
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Førarkort kl B 

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Eigenskapar
Sjølvstendig og strukturert
Løysingsorientert og endringsvillig
Fleksibel og lojal
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Motiverande og engasjerande medarbeidar med godt humør

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Del på:

Referansenummer:

24/968

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Assistent
Fagarbeidar
Helsefagarbeidar
Miljøterapeut
Sjukepleiar
Vernepleiar

Stillingstype:

Fast
Helgestilling

Søknadsfrist:

31.12.2024

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Heimetenester

Adresse:

Leitet 28 5640 Eikelandsosen

Kart: