Tilrettelagte tenester søker deg som vil jobbe som ekstrahjelp i 2024
Tilkallingsvikarar
Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune har behov for tilkallingsvikarar som kan arbeide dag/ kveld- og nattskift.
Som tillkallingsvikar kan vi tilby vakter/arbeid ved fråvær pga sjukdom, ferie eller andre mellombels høve som fører til behov for midlertidig arbeidskraft. Tilkallingsvikarar har ikkje rett på å bli tilbudt arbeid eller plikt til å påta seg tilbudt arbeid.
Arbeidsstad
Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune yter tenester personer med ulike funksjonsnedsettingar. Tenesta består av 8 bufellesskap, heildøgns omsorgtilbod for born og unge i tillegg til 2 dagsenter.
- Hellemyra bufellesskap
- Torsneset bufellesskap
- Kunhletunet bufellesskap, rekke 1
- Bolig Moberg bufellesskap
- Kuhnletunet bufellesskap, rekke 2
- Vestre Lurane bufellesskap
- Idrettsvegen bufellesskap
- Bjørnefjorden bufellesskap
- Fusa butenester (tenester i heim)
Tenesta som gjeld for barn og unge (personar under 18 år) er tilrettelagt heildøgns omsorgstilbod, på institusjon og i heim :
- Varafjell avlastningssenter
- Os avlastning (tenester i heim)
- Fusa avlastning (tenester i heim)
Ta med i søknaden din om det passar best for deg å jobbe på Fusa sida eller Os sida av kommunen.
Tilsetjing vil bli gjort fortløpande så vi oppmodar deg om å senda inn søknaden din snarast.
Arbeidsoppgåver
Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane.
I funksjonen inngår førebygging, habilitering og rehabilitering. Arbeidet består i å yte brukarane den bistanden dei treng for å gjennomføre daglege gjeremål, ta del i sosiale aktivitetar og gjere brukarane meir sjølvhjelpne.
Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.
Kvalifikasjonar
Som tilkallingsvikar ønskjer vi at du har du har relevant helse- sosialfagleg eller pedagogisk utdanning eller er i eit slikt utdanningsløp.
Er du ufaglært og har interesse for arbeid med menneske er du også velkomen til å søkja, og di tidlegare arbeidserfaring vil bli vurdert i høve til relevans.
Det blir lagt vekt på personlege eigenskaper som:
- du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- du er positiv og lærevillig
- du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent
Søkjarar utanfor Norden må legge fram dokumentasjon på gode norskkunsskapar og gjennomført norsktest på B1/B2 nivå.
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Vi tilbyr:
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtaler
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Del på:
Referansenummer:
24/197
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Ekstrahjelp
Heiltid/Deltid:
Ved behov
Arbeidstid:
Skift/turnus
Sektor:
Helse og velferd
Stillingstype:
Tilkallingsvikar
Søknadsfrist:
Fortløpande
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Tilrettelagte tenester
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Rådhuset, Torggata 7 0000 Os