Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester for barn og unge

Vernepleiar/sjukepleiar

Vi har ledig 100 % fast stilling ved Tilrettelagte tenester for barn og unge

Arbeidsstad
Tilrettelagte tenester – barn og unge er eit kommunalt avlastingstilbod til foreldre med barn og unge med nedsatt funksjonsevne.
Varafjell avlastningssenter ligg strategisk plassert i Industrivegen, nær idrettsanlegget på Kuventræ.
Fusa avlastning har base på Fusasida av fjorden, og har fleire lokasjonar.
Os avlastning tilbyr i all hovudsak tenester i heimen.

Desse stillingane er for tida knytt opp mot Os avlastning.

Arbeidsoppgåver
Stillinga er knytt opp mot arbeid i heim. Ein ønskjer så langt som råd er å begrense talet vaksne kvart barn må forholde seg til, slik at stillinga vil kunne variera mellom dei tre nemnte arenaer. Stillinga er i stor grad knytt opp mot eit born med behov for tett oppfølging.

Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane. I funksjonen inngår førebygging, habilitering og rehabilitering. Arbeidet består i å yte brukarane den bistanden dei treng for å gjennomføre daglege gjeremål, ta del i sosiale aktivitetar og gjere brukarane meir sjølvhjelpne. Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.
Du må vere villig til å ta på deg hovudkontaktarbeid og /eller koordinatorarbeid. Dette arbeidet inneber blant anna å følgje særskilt med på barnet sitt tilbod, stille på møter og vera ein aktiv deltakar i utvikling av barnet sitt tilbod. Vidare må du rekne med å arbeide aktivt saman med, og vere initiativtakar i høve tenestemottakaren sine pårørande, familie, vener og hjelpeapparatet elles. Det kan og verta aktuelt med oppfølging og rettleiing til pårørande.

Kven er du?
Fordi du ønskjer å ver ein del av eit spennande arbeidsmiljø er denne stillinga heilt perfekt for deg. Du ønskjer utfordringar og er opptatt av å ivareta barnet som om det var ditt eige. På bakgrunn av dine gode faglege og etiske verdiar, er nettopp du den vi treng for å kunne gi barnet eit godt heilhetleg tilbod.
Du er både sjølvstendig og har opparbeid deg gode samarbeidsevner. Du er klar for noko nytt og spennande, du er endringsvillig og spontan og du treng ein jobb der utfordringane står i kø.

Stillinga er i turnus med arbeid på dag, kveld og helg. Det vil vera nokre langvakter i turnusen.

Kvalifikasjonar
Du har relevant høgskuleutdanning og erfaring frå arbeid med barn/ungdom med nedsett funksjonsevne.
Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.
Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mulig kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar.
Det vert lagt særleg vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar.

Vi tilbyr 

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. 

Del på:

Referansenummer:

22/4726

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Vernepleiar

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

01.07.2022

Tiltreding:

snarast

Arbeidsstad:

Os avlastning

Adresse:

Industrivegen 88 5210 Os

Kontorlokalisering: