Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester

Nattevaktsteamet ved Fusa bu og behandlingssenter og heimetenester har ledig 80 % fast stilling på natt

Sjukepleiar

Er du ein engasjert og trygg sjukepleiar som ønskjer å gjere ein forskjell for eldre menneske i natta sine stille timar? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Vi søkjer ein autorisert sjukepleiar til fast stilling på natt ved Fusa bu og behandlingssenter og heimetenesta. Du vil arbeide i eit tverrfagleg team med fokus på tryggleik, omsorg og verdigheit for våre bebuarar. Arbeidet på natt inneber sjølvstendig ansvar, men du har alltid støtte frå kollegaer og vakttelefon.

Fusa bu- og behandlingssenter og heimetenesta er ei eining som både driftar heildøgns institusjon og heimetenesta i søre delen av Bjørnafjorden kommune. Stillinga som er ledig er knytt til Fusa bu og behandlingssenter. Nattevaktene jobbar i team inne på institusjonen og ute i heimetenesta.

Stillinga er ledig frå 01.10.2025

Arbeidsstad
Fusa bu- og behandlingssenter

Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiarfagleg oppfølging og observasjon av bebuarar
  • Medikamenthandtering og dokumentasjon
  • Samarbeid med pårørande og andre fagpersonar
  • Ha fokus på fagleg utvikling og kompetanse for å yte gode tenester

Stillinga har turnus med natt 3. kvar helg.

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar, eller anna relevant utdanning
  • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Erfaring frå eldreomsorg er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar 
  • Gode evner til observasjon og dokumentasjon 
  • Ansvarsbevisst, pliktoppfyllande og evne til å arbeide sjølvstendig
  • Omstillingsorinetert og ser moglegheiter framfor begrensningar

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Personlege eigenskapar

  • Bidra til eit godt og trygt nattmiljø
  • Vere ein god rollemodell og bidra til eit godt samarbeid med kollegaer i nattevaktslaget
  • Opptre i tråd med kommunen sine verdiar
  • Løysningsorientert med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Gode evner til observasjon og dokumentasjon
  • God evne til etisk refleksjon over eigen praksis

Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar. 

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Spennande og god arbeidsplass
  • Godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
  • Tverrfagleg samarbeid
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Helg
Natt

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Sjukepleiar

Stillingstype:

Deltid
Fast

Søknadsfrist:

22.07.2025

Tiltreding:

01.10.2025

Arbeidsstad:

Fusa bu- og behandlingssenter

Adresse:

Leitet 28 5640 Eikelandsosen

Kart: