Bjørnafjorden kommune Psykisk helse og rustenester

Fast 28% stilling som vaken nattevakt

Bjørnafjorden kommune har over 26 000 innbyggjarar og rundt 1 800 dedikerte kommunalt tilsette. Vi er ein nær og inkluderande kommune, noko som blir spegla i vår misjon: "Det gode livet for alle." Som medarbeidar hos oss bidreg du til viktige oppgåver som gjer ein forskjell for både innbyggjarane og lokalsamfunnet. Du betyr noko – og det du gjer har ein verdi!

Avdeling Askviknes Oppfølgingsteneste gir avlasting og tenester til brukarar i fast bustad på Askviknes, beståande av fire faste bustader og ein avlastingsbustad. Målgruppa er diagnoseuavhengig og har samansette utfordringar. Tenestene har som formål å fremja utvikling og sjølvstende i kvardagen og i eige liv. Tenestene er vedtaksbaserte og tek utgangspunkt i den enkelte behovet sitt til ei kvar tid, med hovudfokus på praktisk bistand og sosial støtte.

Funksjon og arbeidsområde

  • Å arbeida som nattevakt i avdelinga krev at du er sjølvstendig og trygg. 
  • Arbeidstakar skal bidra til samarbeid, kulturbygging og godt arbeidsmiljø i avdelinga.
  • Arbeidstakar skal setje seg inn i og følgje dei gjeldande retningslinjene for arbeidet. Vidare vil vi at arbeidstakar engasjerer seg i utforming og deltek for å utvikle miljøarbeidet rundt bebuarar, og tek ansvar for å vidareformidla når behov for endring vert oppdaga. 
  • Vaktlengde på natt er frå kl. 22:00 til 08:00

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning innan helse- og omsorg, andre eigna kandidatar vil og bli vurdert
  • Ønskeleg med erfaring frå tilsvarande arbeid 
  • Personleg eignaheit vil vera avgjerande 
  • Evne til å arbeida både sjølvstendig og i tverrfagleg samarbeid
  • Tydelegheit  
  • Evne til å samhandle godt med bebuarar med ulike behov 
  • Evne til å samhandle med kollegaer og tileigne seg nødvendig informasjon 
  • Følgje rutinar og retningslinjer for arbeidet 
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utviklingsmoglegheiter i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gunstige pensjonsordningar, og yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Lønn etter gjeldande avtalar
  • Ein kommune som jobbar aktivt for å etablera ein heiltidskultur.
  • Ein meiningsfull og variert arbeidskvardag med høve til å gjera ein reell forskjell.

 

Etter utløp av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.

Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.

Del på:

Referansenummer:

25/20496

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Natt

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Fagarbeidar
Helsefagarbeidar
Miljøterapeut
Sjukepleiar
Vernepleiar

Stillingstype:

Deltid

Søknadsfrist:

19.06.2025

Tiltreding:

snarast

Arbeidsstad:

Askviknes oppfølgingsteneste

Kontaktpersonar:

Thomas Dahl Orø

Stilling: Einingsleiar for psykisk helse og rus

tlf: +47 99642224

Adresse:

Rådhuset, Torggata 7 5200 Os

Kart: