
Heimehjelp - 75 eller 100 % fast stilling
Vil du vere med og gjere kvardagen lettare for menneske som treng praktisk hjelp i heimen? Vi har ledig ei 75 % stilling som heimehjelp, med moglegheit for utviding til 100 % om du ønskjer å jobbe som pleieassistent som ein del av stillinga.
Vi søkjer ein engasjert og påliteleg heimehjelp til vårt team ved Fusa bu- og behandlingssenter og heimehjelp. Som heimehjelp vil du bidra til at brukarar kan bu trygt og godt heime så lenge som mogleg. Arbeidet består av praktisk bistand som reingjering og klesvask. Du jobbar sjølvstendig, men er ein del av eit større team med god støtte og opplæring.
Arbeidsstad
Heimetenesta i Eikelandsosen
Arbeidsoppgåver
- Utføre praktisk bistand etter vedtak til brukarar
- Bidra til god ressursutnytting og tverrfagleg samarbeid
- Bidra til at interne og eksterne lover, reglar, og prosedyrer blir fulgt
- Bidra til godt samarbeid med brukar og pårørande
- Rapportering og samarbeid med kollegaer og leiar
Stillinga inneber arbeid på dag.
Kvalifikasjonar
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Bestått Norskkurs nivå B1/B2, for søkjarar utanfor Norden.
- Førarkort klasse B
- Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel, men ikkje eit krav
- God fysisk form og evne til å arbeide sjølvstendig
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest
Personlege eigenskapar
- Bidra til godt arbeidsmiljø
- Påliteleg og ansvarsbevisst
- Omsorgsfull og serviceinnstilt
- Strukturert og fleksibel
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Motiverande og engasjerande medarbeidar med godt humør
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Helse og velferd
Stillingsnivå:
Assistent
Stillingstype:
Deltid
Fast
Søknadsfrist:
22.07.2025
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Heimetenesta i Eikelandsosen
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Leitet 28 5640 Eikelandsosen