
Fagarbeidar natt 60 % fast
Ledig fast 60 % stilling på natt, frå snarast.
Arbeidsstad
Varafjell avlastningssenter er kommunen sitt avlastingstilbod til foreldre med barn og unge med nedsatt funksjonsevne.
Avlastningssenter ligg strategisk plassert i Industrivegen, nær idrettsanlegget på Kuventræ.
Arbeidsoppgåver
Det er behov for tilsyn, stell, pleie og omsorg.
Stillinga er for tida knytt opp mot tenestemottakarar på Varafjell avlastningssenter
Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane. I funksjonen inngår førebygging, habilitering og rehabilitering.
Stillinga er i turnus med f.t arbeid kvar 3.helg.
Kvalifikasjonar
Fagarbeidar med autorisasjon som helsefagarbeidar / barne- og ungdomsarbeidar, men søkjarar under helsefagleg utdanning eller relevant høgskuleutdanning er og ønskjeleg.
Det vert lagt stor vekt på dine personlege eigenskapar, og kjennskap til brukargruppa er ein fordel.
- skaper gode relasjoner, tillit og tryggleik
- ønskjer å vera ein del av eit spanande arbeidsmiljø
- ønskjer utfordringar
- er oppteken av å ivareta borna som om dei er dine eigne
- er sjølvstendig og og har opparbeida deg gode samarbeidsevner
- lyttar med respekt
På bakgrunn av dine gode faglege og etiske verdiar, er nettopp du den vi treng for å kunne gje barnet eit godt heilhetleg tilbod.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Del på:
Referansenummer:
22/4725
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Natt
Sektor:
Helse og velferd
Stillingsnivå:
Fagarbeidar
Stillingstype:
Fast
Søknadsfrist:
01.07.2022
Tiltreding:
snarast
Arbeidsstad:
Varafjell avlastning
Heimeside:
http://bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Industrivegen 88 5210 Os