Bjørnafjorden kommune Luranetunet bu -og behandlingssenter

Sjukepleiar og helsefagarbeidar - Luranetunet

Ledige stillingar som sjukepleiar og helsefagarbeidar på Luranetunet avdeling Bergheim og Fjordheim

Om Luranetunet bu- og behandlingssenter

Luranetunet rommar 2 kortidsavdelingar, 8 langtidsavdelingar og serviceavdelingar reinhald, vaskeri, kantine og teknisk. Luranetunet har også fast tilsette sjukeheimslegar. Luranetunet sin visjon er «Varme og vekst i samspel». Visjonen spring ut av den flotte, overbygde tropehagen på 1300 m2 i sentrum av Luranetunet. Her er det varmt og godt heile året, og aktivitet på både dag- og kveldstid. 

Varme og vekst står for den gode omsorga bebuarane våre skal oppleve, den personlege og fagleg utviklinga vi ønskjer for dei tilsette, og den varme velkomsten vi vil gi til pårørande og andre som kjem på besøk til oss.Ute har vi sansehage med høner, kaniner, lysthus, bærbuskar, tre og planter.

Luranetunet er ein utdanningsinstitusjon med mange studentar, lærlingar og elevar som har krav på god rettleiing, og sjukepleiarane er sentrale i dette arbeidet. Vi dokumenterer helsehjelp i Profil og vi har eit elektronisk kvalitetssystem med rutinar og prosedyrar som kvar enkelt er ansvarleg for å halde seg oppdatert på.

Alle demensavdelingane våre jobbar personsentrert, som er den anbefalte faglege nasjonale retningslinja om demens. Vi vil byggja eit fagmiljø som er med å fremja synet om demens i samfunnet og som er opptatt av å sjå mennesket bak sjukdommen. Vårt motto er: "det mennesket med demens har, blir vektlagt meir enn det som manglar".  

Målsettinga vår er at bebuarane skal kjenna seg trygge og oppleva kontinuitet i tenestene. Vi ynskjer difor å nytta kompetansen til ulike faggrupper, og saman med tilsette i store stillingar meiner vi å kunne oppnå denne målsettinga.

Vi har ledig :

  • Sjukepleiarstillingar:       50 -100%
  • Helsefagarbeidarstilling: 53,87% 

Arbeidsstad:
Pleie- og omsorgstenesta, avdeling Bergheim eller Fjordheim, Luranetunet

Kvalifikasjonar:
- Autorisasjon som sjukepleiar eller helsefagarbeidar
- Du er løysningsfokusert og har god samarbeidsevne
- Det er ønskjeleg at du har erfaring og kompetanse innan demens
- Bestått Norskkurs Nivå B2, for søkjarar utanfor Norden
- Utdanning frå utlandet må vera godkjent av NOKUT
- Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr:
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Arbeid i ei verksemd i utvikling og moglegheit til å veramed å påverka
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Løn etter gjeldande avtalar
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Her kan du lese meir om pensjonsordninga i KLP Offentlig tjenestepensjon kort fortalt - KLP.no

For undervisningsstillinger kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens pensjonskasse

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

 

Del på:

Referansenummer:

21/6992

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

23.09.2021

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Luranetunet bu- og behandlingsssenter

Kontaktpersonar:

Adresse:

Solstrandsvegen 39 5200 OS

Kontorlokalisering