Bjørnafjorden kommune Legevakt og legetenester

Lege - engasjement ved koronalegevakta

Ledig engasjement i 3 månader, men kan bli lengd med anna kommunalt arbeid utover 3 månader.

Bjørnafjorden kommune oppretta eigen luftvegspoliklinikk i 2020. Her vert pasientar med symptom foreinleg med covid-19 sjukdom undersøkt og behandla. Pasientar blir tilvist frå legevakta eller fastlegane i kommunen. Luftvegspoliklinikken er fysisk lokalisert vegg i vegg med legevakta, ambulanse og brann/redning.  Poliklinikken er utstyrt med CRP, streptokokk hurtigtest, monospot. Moglegheit for PCR testing og antigen hurtigtest på indikasjon. Tett samarbeid med legevakta.

Arbeidsoppgåver
Undersøke og behandle pasientar på den kommunale luftvegspoliklinikken

Andre kommunale arbeidsoppgåver kan tilfalla stillinga avhengig av korleis pandemien utviklar seg. Om ønskeleg er det råd å delta i legevaktordninga kveld/natt/helg.

Kvalifikasjonar
Søkjar må ha norsk autorisasjon som lege. Erfaring frå allmennpraksis er ein fordel.

Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar er ein føresetnad.

Vi tilbyr
 Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø

  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Her kan du lese meir om pensjonsordninga i KLP Offentlig tjenestepensjon kort fortalt - KLP.no

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Del på:

Referansenummer:

21/6991

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Engasjement

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Søknadsfrist:

20.09.2021

Tiltreding:

snarast

Arbeidsstad:

Legetenester v/koronalegevakten

Kontaktpersonar:

Adresse:

Mobergsbakken 111 5209 OS

Kontorlokalisering