Bjørnafjorden kommune Fusa ungdomsskule

Kan hende nettopp DU vil bli ein del av vårt utviklingsorienterte og humørfylte personale?

Undervisningsstilling ved Fusa ungdomsskule

Vi har ledig 100 % vikariat skuleåret 21/22

Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt. Satsingsområda våre er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20 (Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020). Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk.

Arbeidsstad
Fusa ungdomsskule ligg i Eikelandsosen i Bjørnafjorden kommune. Skulen held til i topp moderne lokale, og like ved ligg idrettsanlegg og fleirbrukshall. Skuleåret 2021-2022 vil vi ha ca 165 elevar og 27 tilsette. 

Arbeidsoppgåver
- vere ein autoritativ formidlar
- sikre framtidsretta læring
- jobbe systematisk med oppfølging av læring og utvikling hos elevane
- synleggjere skulen på ein positiv måte
- aktivt delta i profesjonsfellesskapet og skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid
- sikre godt samarbeid mellom heim og skule
- jobbe godt med relasjonsarbeid og ta ansvar for relasjonen til elevane

Kvalifikasjonar
Relevant høgare utdanning på høgskule-/universitetsnivå. Utdanning frå utlandet skal vere NOKUT-godkjent. 
Vi søker deg som har:
undervisningskompetanse i norsk (min 60 stp), engelsk (min 60 stp), kroppsøving (min 30 stp) og samfunnsdag (min 30 stp). Andre fagkombinasjonar kan også vere aktuelle.
Søkarar må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga. 

Eigenskapar
- Du må ha engasjement, evne og vilje til målretta samarbeid med elevar, tilsette og føresette
- Du er løysningsorientert og har ei proaktiv tilnærming til utfordrande situasjonar og problemstillingar
- Du er fleksibel
- Du har gode kommunikasjonsferdigheiter
Personlege eigenskapar vert vektlagt.

 Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø med høg kompetanse
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
- Eit hyggeleg arbeidsmiljø, eit stabilt personale og ei engasjert foreldregruppe
- Mange møtepunkt for fagleg utvikling og sosial kontakt

Her kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens pensjonskasse

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

 

Del på:

Referansenummer:

21/5804

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

04.08.2021

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Fusa ungdomsskule

Kontaktpersonar:

Adresse:

Kontorlokalisering