Bjørnafjorden kommune Strandvik barnehage

Lyst å vera med å utvikle Strandvik barnehage i Bjørnafjorden kommune?

Fagarbeidar/assistent, vikariat

Vi har ledig 100 % vikariat som fagarbeidar/ assistent frå 16.08.21-31.12.21 med moglegheit for forlenging

Vi søkjer deg som ønskjer å jobbe med barn, og vere ei styrking av grunnbemanninga. Strandvik barnehage har som satsing sosial kompetanse, og det mest grunnleggjande hos oss er at vi skal ha det godt saman. Arbeidet med dette gjennomsyrer dagane våre, og handlar om korleis vi er mot kvarandre og snakkar saman. Dette er sentralt i alt arbeid med våre barn og er viktig for eit godt barnehage-heim samarbeid.

I Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for barna våre. Barnehageutvikling står sentralt med særleg vekt på livsmeistring og eit godt læringsmiljø.

Arbeidsstad
Strandvik Barnehage er ein middels stor barnehage, med luftige og lyse lokaler, plassert i hjarta av Strandvik, vegg i vegg med Strandvik Montessoriskule, like ved butikken, kykja, idrettsbanen, grendahuset og parken. Dette året er det 31 barn hos oss og 11 vaksne. Skog, fjell, sjø og akebakke har vi like utanfor døra. Utfordrande og flotte turplassar for dei yngste til dei eldste.

Arbeidsoppgåver
- oppfylging av enkelt barn og grupper
- planlegging og tilrettelegging av det daglege arbeidet for enkeltbarn og grupper
- hjelp og støtte til enkelt barn i det allmennpedagogiske tilbodet

Kvalifikasjonar
Ønskjeleg med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Utdanning frå utlandet må vere NOKUT-godkjent.
Søkjarar må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest. 

Eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- har erfaring frå arbeid med barn 0-6 år
du er strukturert og har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- eit positivt menneskesyn 
- tar ansvar og initiativ, og er fleksibel
- har gode evner til refleksjon
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Her kan du lese meir om pensjonsordninga i KLP Offentlig tjenestepensjon kort fortalt - KLP.no

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

 

Del på:

Referansenummer:

21/5803

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

04.08.2021

Tiltreding:

16.08.2021

Arbeidsstad:

Strandvik barnehage

Adresse:

Kontorlokalisering