Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter

Sjukepleiar i stab

Ønskjer du eit godt arbeidsmiljø, faglege utfordringar, dyktige kollegaer og kan tenke deg å jobbe som sjukepleiar i stab? Då er kanskje dette rette jobben for deg. 

Vi har ledig:
100 % fast stilling som sjukepleiar i stab frå 01.09.21
100 % vikariat som sjukepleiar i stab frå 01.09.21 - 31.03.22
Stillingane er i turnus med dag/aftenvakter og kvar 3. helg. 

Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS) er ein heildøgns institusjon som ligg sentralt i Eikelandsosen, Bjørnafjorden kommune.  FBBS består av 2 miljøavdelingar for personar med demens,  1 buavdeling for somatisk og 1 korttids/rehabiliteringsavdeling som også har tilknytt 1 ØHD- plass. FBBS har eige produksjonskjøkken og vaskeri.

Med utsikt over fjorden, fine nyoppussa lokale, dyktige kollegaer i eit godt arbeidsmiljø gjer dette til ein spennande og utfordrande arbeidsplass. 

Frå hausten 2021 ønskjer vi å jobbe med innføring av sjukepleiarar i stab på FBBS. Vi ønskjer å organisere sjukepleiarar i dagens drift, på ein annan måte enn kva vi gjer i dag. Dette for å møte framtidas behov og utfordingar.

Vi treng deg som ønskjer å være med å vidareutvikle denne måten å jobbe på og ser moglegheter framfor begrensingar.
Som sjukepleiar på FBBS vil ein få moglegheit til å bli kjent med alle avdelingar. Dette skapar varierande arbeidskvardag, brei erfaring og kunnskap innan mange ulike områder. Ein får jobbe tverrfagleg og blir godt kjent med alle yrkesgrupper.
Meistring og omsorg, råd og veiledning, ernæring, observasjon og dokumentasjon vil være ein viktig del av det å jobbe som sjukepleiar i stab ved FBBS. 

Arbeidsstad
Fusa bu- og behandlingssenter

Arbeidsoppgåver
Utøve forsvarlege tjenester til pasientar i tråd med gjeldande krav til kvalitet og lovverk
Dokumentere i gjeldande fagsystem og følgje opp oppgåver knytt tildette
Kartlegge, igangsette og gjennomføre tiltak
Ha fokus på fagleg utvikling og kompetanse for å yte gode tenester
Være ein god rollemodell og bidra til eit godt samarbeid med kollegaer i tråd med kommunen sine verdiar
Veilede, oppfølging og støtte, internundervisning til pasientar, pårørande og kollegaer
Bidra til tverrfagleg samarbeid
Legemiddelhandsaming

Kvalifikasjonar
Du har autorisasjon som sjukepleiar
Sjukepleiarstudentar som er ferdig utdanna våre 2021, oppfordrast til å søke
Stort hjarta og interesse for eldre og demensomsorga
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Gode evner til observasjon og dokumentasjon
Ansvarsbevisst og pliktoppfyllande
Omstillingsorinetert og ser moglegheiter framfor begrensningar
Du er stolt over ditt fag og tek ansvar for eiga utvikling
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar 

Høyres dette interessant ut, ta gjerne kontakt! 

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø og tverrfagleg samarbeid.
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Her kan du lese meir om pensjonsordninga i KLP Offentlig tjenestepensjon kort fortalt - KLP.no

For undervisningsstillinger kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens pensjonskasse

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

 

Del på:

Referansenummer:

21/5295

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

15.08.2021

Tiltreding:

01.09.2021

Kontaktpersonar:

Anne Martha Oma

mob: +47 468 43 558

Eirin Bergheim

mob: +47 911 97 867

Lene Tveit

mob: +47 911 97 463

Monica Vindenes Bolstad

tlf: +47 56 58 02 26

Adresse:

Leitet 28 5640 Eikelandsosen

Kontorlokalisering