Bjørnafjorden kommune Luranetunet bu -og behandlingssenter

Faste stillingar og eitt års vikariat

Ledig på Luranetunet bu- og behandlingssenter

Om Luranetunet bu- og behandlingssenter
Luranetunet rommar 2 korttidsavdelingar, 8 langtidsavdelingar og serviceavdelingar – reinhald, vaskeri, kantine, teknisk. Sjå heimesida vår for meir informasjon: Bjørnafjorden.no eller Luranetunet si facebook side. Luranetunet sin visjon er «Varme og vekst i samspel». Visjonen spring ut av den flotte, overbygde tropehagen på 1300 m2 i sentrum av Luranetunet. Her er det varmt og godt heile året, og aktivitet på både dag- og kveldstid. Hagen er ein god plass å vere for bebuarar, pårørande og tilsette - og alt anna som veks og trivst når vi legg til rette for det. Ute har vi sansehage med høner, kaniner, lysthus, bærbuskar, tre og planter. Varme og vekst står for den gode omsorga bebuarane våre skal oppleve, den personlege og fagleg utviklinga vi ønskjer for dei tilsette, og den varme velkomsten vi vil gi til pårørande og andre som kjem på besøk til oss.

Luranetunet er ein utdanningsinstitusjon med mange studentar, lærlingar og elevar som har krav på god rettleiing, og vårt helsepersonell er sentrale i dette arbeidet. Vi dokumenterer helsehjelp i Profil og vi har eit elektronisk kvalitetssystem med rutinar og prosedyrar som kvar enkelt er ansvarleg for å halde seg oppdatert på. Sjå heimesida vår for meir informasjon: Bjørnafjorden.no eller Luranetunet si facebook side.

Arbeidsstad
Luranetunet bu- og behandlingssenter, avd Solheim
Avdeling Solheim er ei avdeling for personar med demenssjukdom. Avdelinga har 20 plassar fordelt på to grupper. Vi har no ledig stilling for sjukepleier, helsefagarbeider, vernepleier og ergoterapeut i 80-100% stilling. Alle dementavdelingane våre jobbar personsentrert, som er den anbefalte nye faglege nasjonale retningslinja om demens. Vi vil byggja eit fagmiljø som er med å fremja synet om demens i samfunnet og som er opptatt av å sjå mennesket bak sjukdommen. Vårt motto er: "det mennesket med demens har, blir vektlagt meir enn det som manglar".

Kvalifikasjonar 
- Autorisasjon som sjukepleier, helsefagarbeider, vernepleier eller ergoterapeut
- Har interesse for demensomsorg og er oppteken av tverrfagleg samarbeid
- Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Vera løysningsorientert og fleksibel
- Fagleg engasjement og interesse for eldreomsorg
- Utanlandsk utdanning må vere NOKUTgodkjent

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar. 

Vi tilbyr: 
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen. 

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest. Søkjarar med framandspråkleg bakgrunn må dokumentera gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg.

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette. 

Del på:

Referansenummer:

21/4749

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

24.06.2021

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Avd. Solheim

Adresse:

Solstrandsvegen 39 5200 OS

Kontorlokalisering