Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter

Fusa bu- og behandlingssenter (Fbbs) søker etter deg som har ei hjarta for eldreomsorg, ønskjer ein god arbeidsplass og faglege utfordringar

Sjukepleiar i team

 Vi har ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar i team ved FBBS frå 15.08.22. 

Er du den som har eit brannande engasjement for dei eldre? Ønskjer du å vera med å vidareutvikla tilbodet og tenestene til dei eldre på FBBS, og samtidig ønskjer å bli ein del av vårt sjukepleiarteam?  Då er dette rette staden for deg. 

FBBS er ein heildøgnsinstitusjon som ligg sentralt i Eikelandsosen, Bjørnafjorden kommune, med utsikt over fjorden. FBBS består av 2 langtidsavdelingar for personar med demens, 1 langtidsavdeling for somatisk og 1 korttids/rehabiliteringsavdeling som også har tilknytt 1 ØHD- plass. FBBS har eige produksjonskjøkken og vaskeri.  

Dei siste åra har institusjonen gjennomgått ei større ombygging, fått større og tilrettelagte bebuarrom med flotte fargar.  

Stillinga er knytt til avdelingane ved FBBS og har turnus med dag/aftenvakter og kvar 3. helg. 

Som sjukepleiar vil ein også vera en del av sjukepleiargruppa her på FBBS.  Det inneber at ein går ansvarsvakter på kveld og helg for alle avdelingar på FBBS. 

Vi søker etter deg som ønskjer å arbeide tverrfagleg, likar å arbeide i team og kan tenke deg å bli godt kjent på alle våre avdelingar. Samt bidra til å inspirere til eit godt fag- og arbeidsmiljø.

Arbeidsstad
Fusa bu- og behandlingssenter (Fbbs)

Arbeidsoppgåver

  • Utøve og dokumentere helsehjelp i tråd med gjeldande krav og lovverk
  • Observasjonar og faglege vurderingar av pasientar
  • Tverrfagleg samarbeid med kollegaer, pasientar og pårørande

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Autorisasjon som sjukepleiar, gjerne med vidareutdanning innan geriatri elle psykiatri, men nyutdanna eller andre med relevant høgskuleutdanning er velkomen til å søkja
  • Løysningsorientert med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Du har eit hjarta som bankar litt ekstra for eldre innan demensomsorg.
  • Gode evner til observasjon og dokumentasjon
  • Ser viktigheten i arbeidet med å aktivisera og stimulera bebuarane for å få fram glede og trivsel i kvardagen
  • Du bidrar positivt i arbeidsmiljøet og er opptatt av å gjera kvarandre gode.
  • Er bevisst handlingane dine og set respekt, lojalitet og etikk høgt
  • Du trives med ansvar og er trygg på deg sjølv, både som menneske og i rolla som sjukepleiar og kollega.
  • Du tåler at arbeidsdagen kan væra uforutsigbar og hektisk, men har samtidig evne til å bevara roen og finna gode løysningar i det handlingsrommet som me har til rådighet.
  • Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar.
  • Gode norsk kunnskapar skriftleg og munnleg
  • Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest
  • Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Spennande og god arbeidsplass med tverrfagleg samarbeid i fokus
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

 

Del på:

Referansenummer:

22/5355

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Sjukepleiar

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

07.07.2022

Tiltreding:

15.08.2022

Arbeidsstad:

FBBS

Adresse:

Leitet 28 5640 Eikelandsosen

Kontorlokalisering: