Bjørnafjorden kommune Samferdsle og VA

VA - Ingeniør

Bjørnafjorden kommune har 5 vassbehandlingsanlegg og 3 avløpsreinseanlegg. Det etablerast stadig nye VA-anlegg som må inn i kartet. Kartet er vårt viktigaste arbeidsreiskap i beredskapssituasjonar og planlegging av arbeid.

Vi treng fleire motiverte medarbeidarar som skal jobbe med forvaltning, drift og vedlikehald innan VA- området på eining for Samferdsle og VA.

Arbeidsstad
Bjørnafjorden kommune, kontorplass Industrivegen 96, 5200 Os.

Arbeidsoppgåver

-       Registrering, innteikning og kontroll av eksisterande og nye VA-anlegg

-       Hente opplysningar frå arkiv for innteikning i kartbase og føre etterkontroll ute

-       Kvalitetsheving av data ifm. VA-modellar

-       Anna relevant arbeid innanfor Samferdsle og VA etter behov

Kvalifikasjonar

-       Utdanning på bachelornivå innan landmåling/VA

-       Erfaring innan VA-faget er ein fordel

-       Erfaring med bruk av GPS, totalstasjon og relevant geofagleg programvare

-       Førarkortklasse B

-       Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjend

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

Kven er du?

-       God skriftleg og munnleg framstillingsevne

-       Søker må ha kompetanse innan bruk av ulike IT-verktøy og interesse for slikt arbeid

-       Gode samarbeidseigenskapar

-       God gjennomføringsevne

-       Må like å ta ansvar og ha evne til å jobbe sjølvstendig

-       Må være fleksibel og villig til å utføre anna naudsynt arbeid dersom forholda krev dette

Vi tilbyr

-       Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.

-       Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.

-       Varierte oppgåver i ein organisasjon med store og interessante utviklingsprosjekt

-       Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Vi vil aldri be deg oppgi BANK-ID informasjon søknadsprosessen.

Om arbeidsgivaren

Bjørnafjorden kommune har i underkant av 25 0000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.

Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!

Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

 

Del på:

Referansenummer:

22/4811

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Samfunnsutvikling

Stillingsnivå:

Ingeniør

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

31.07.2022

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Samferdsle og VA

Kontaktpersonar:

Adresse:

Industrivegen 96 5210 Os

Kontorlokalisering: