Bjørnafjorden kommune Samferdsle og VA

VA - Ingeniør

Bjørnafjorden kommune er ein vekstkommune med store oppgåver innan utvikling av den tekniske infrastrukturen, både for eksisterande VA-nett og for nyanlegg. Vi treng derfor fleire motiverte medarbeidarar som skal jobbe med forvaltning, drift og vedlikehald innan VA-området på eining for Samferdsle og VA.

Arbeidsstad

Mobergsbakken 5209 Os, OHARA Administrasjonsbygg Bjørnafjorden kommune

Bjørnafjorden kommune er heilt avhengig av god og sikker vassforsyning og avløpssystem som fungerer godt. Nytt kommunalt vassbehandlingsanlegg blei opna i 2011 og nytt hovudavløp/reinseanlegg (OHARA) blei opna i 2019.

Arbeidsoppgåver

- Pådrivar for å sikra effektiv drift og vedlikehald av VA-anlegg

- Leverandøroppfølging

- Overordna ansvar for drift av kommunale reinseanlegg

- Forvaltningsoppgåver innan vatn- og avløpsområdet

- Overordna ansvar for vassforvalting og samordning innan kommunen

- Oppfølging av utsleppsløyve og krava gitt i det

- All rapportering innan avløp

Kvalifikasjonar

- Master- (sivilingeniør) eller bachelorgrad (ingeniør) i VA-fag

- Lang og relevant erfaring kan i nokre tilfelle erstatte krav om utdanning

- Søkjar må ha kompetanse innan bruk av ulike IT-verktøy og interesse for slikt arbeid

- Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

Kven er du

- Må like å ta ansvar og ha evne til å jobbe sjølvstendig

- Du er løysingsorientert og arbeidar strukturert

- Gode samarbeidseigenskapar

- God gjennomføringsevne

- Må være fleksibel og villig til å utføre anna naudsynt arbeid dersom forholda krev dette

Vi tilbyr

-       Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø

-       Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale

-       Varierte oppgåver i ein organisasjon med store og interessante utviklingsprosjekt

-       Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen

Om arbeidsgivaren

Bjørnafjorden kommune har i underkant av 25 0000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.

Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!

Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

 

 

Del på:

Referansenummer:

22/4810

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Samfunnsutvikling

Stillingsnivå:

Ingeniør

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

31.07.2022

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Samferdsle og VA

Kontaktpersonar:

Adresse:

Industrivegen 96 5210 Os

Kontorlokalisering: