Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester for barn og unge

Fagarbeidarar natt

Vi har, grunna auke i tenesteleveranse, ledig fleire nattevaktstillingar for fagarbeidar ved Tilrettelagte tenester- barn og unge:
60% 
40%
30% - helgestilling

Arbeidsstad
Tilrettelagte tenester – barn og unge er eit kommunalt avlastingstilbod til foreldre med barn og unge med nedsatt funksjonsevne.
Tilrettelagte tenester – barn og unge har fleire avdelingar; Varafjell avlastningssenter, som ligg strategisk plassert i Industrivegen, nær idrettsanlegget på Kuventræ.
Fusa avlastning har base på Fusasida av fjorden, og har fleire lokasjonar
Os avlastning tilbyr i all hovudsak tenester i heimen.

Desse stillingane er for tida knytt opp mot Os avlastning

Arbeidsoppgåver
Stillinga er på natt, og er aktiv. Det er behov for tilsyn, stell, pleie og omsorg.

Stillinga er for tida knytt opp mot tenestemottakar i heimen, og ein vil vera familiens bindeledd til avlastinga.

Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane.
I funksjonen inngår førebygging, habilitering og rehabilitering
Stillinga er i turnus med arbeid på natt.

Kvalifikasjonar
Fagarbeidar med autorisasjon som helsefagarbeidar / barne- og ungdomsarbeidar, men søkjarar under helsefagleg utdanning eller med relevant erfaring og kompetanseer og ønskjeleg.
Det vert lagt stor vekt på dine personlege eigenskapar, og kjennskap til brukargruppa er ein fordel.

DU:
- skaper gode relasjoner, tillit og tryggleik.
- ønskjer å vera ein del av eit spanande arbeidsmiljø.
- ønskjer utfordringar
- er oppteken av å ivareta borna som om dei er dine eigne
- er sjølvstendig og og har opparbeida deg gode samarbeidsevner.
- lyttar med respekt.

På bakgrunn av dine gode faglege og etiske verdiar, er nettopp du den vi treng for å kunne gje barnet eit godt heilhetleg tilbod.

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjend.

Vi tilbyr 

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. 

Del på:

Referansenummer:

22/4727

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Fagarbeidar

Stillingstype:

Deltid

Søknadsfrist:

01.07.2022

Tiltreding:

snarast

Arbeidsstad:

Os avlastning

Adresse:

Industrivegen 88 5210 Os

Kontorlokalisering: