Bjørnafjorden kommune Heimetenester Eikelandsosen

Avdelingsleiar

Heimesjukepleie er eit satsingsområde i kommunen der ein legg vekt på at innbyggjarar som ønskjer det skal få bu lenger i eigen heim. Tenestene er i ei spennande utvikling med kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi.

Frå 01.06.22 blir det oppretta ny eining beståande av Heimetenester Eikelandsosen og Fusa bu- og behandlingssenter. Ei eining der ei rekke spennande moglegheiter og rom for utvikling vil finne stad.

Heimetenester Eikelandsosen, gruppe 2, har ledig 100% fast stilling som avdelingsleiar.

Avdelingsleiar skal, saman med næraste overordna som er einingsleiar, vera med å utvikle tenesta, bidra til felles kulturbygging og legge til rette for god intern organisering. 
Avdelingsleiar er ein viktig del av den nye eininga sitt leiarteam som skal drive internt innovasjons- og organisasjonsarbeid for å sikre likeverdige, gode og bærekraftige tenester. 
Faglege og personlege eigenskapar er viktige for å lukkast. Saman med leiarteamet har avdelingsleiar ansvar for effektiv og forsvarleg drift av tenestene i heile eininga. 

Om interne søkjarar vert tilsett i stillinga kan det bli ledig anna stilling for sjukepleiar/vernepleiar i eininga.

Arbeidsstad
Pleie og omsorg, Heimetenester Eikelandsosen, gruppe 2

Arbeidsoppgåver
Ansvar for å planleggje og koordinere den daglege drifta etter gjeldande lov, reglar og avtaleverk, samt kommunen sine verdiar og målsetjingar.
Ansvar for dagleg drift innanfor gitt budsjett.
Personalansvar.
Samarbeid med andre i heimetenesta og pleie og omsorg, pårørande og øvrige samarbeidspartnarar.
Sikre at det vert gitt tenester som er fagleg og etisk forsvarlege.
Oppfølging av nærvær og HMS-arbeid.
Bidra til kvalitetsutvikling.

Kvalifikasjonar
3-årig helse- eller sosialfagleg bachelor utdanning, fortrinnsvis sjukepleiar/vernepleiar
Norsk autorisasjon
Ønskjeleg med leiarerfaring og/eller vidareutdanning innan leiing og rettleiing, samt erfaring med endring, omstilling og forbetringsarbeid.
Gode IKT-kunnskapar
God kjennskap til og erfaring med aktuelt lov og avtaleverk
Søkjarar utanfor Norden må dokumentera bestått " Bergenstest" (test i norsk - på høgare nivå)
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Eigenskapar
Faglege og personlege eigenskapar vert vektlagt. 

Vi søkjer ein dyktig leiar som:
- er brukar- og serviceorientert med ei konstruktiv kommunikasjonsform.
- er tydeleg, fleksibel og engasjert.
- er positiv til endring og omstilling.
- ekapar gode relasjonar internt og eksternt og har gode samarbeidsevner.
- inspirerer andre og bidrar til arbeidsglede. 

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar, med dagarbeidstid.
  • Gode høve til å vera med å påverke og utforme ei viktig og spanande teneste.
  • Støtte og fellesskap i eininga sitt leiarteam.
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. 

Del på:

Referansenummer:

22/3891

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Avdelingsleiar

Søknadsfrist:

31.08.2022

Tiltreding:

snarast / etter avtale

Arbeidsstad:

gruppe 2 Eikelandsosen

Adresse:

Leitet 22 5640 Eikelandsosen

Kontorlokalisering: