Bjørnafjorden kommune Heimetenester Eikelandsosen

Sjukepleiar

Er du sjukepleiar og ønskjer nye spennande utfordringar i eit godt arbeidsmiljø? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Heimesjukepleie er eit satsingsområde i kommunen der ein legg vekt på at innbyggjarar som ønskjer det skal få bu lenger i eigen heim. Tenestene er i ei spennande utvikling med kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi.

Vi søker etter sjukepleiar til 100 % fast stilling frå snarast.
Stillinga er i turnus med arbeid på helg etter gjeldande turnusavtale.

Arbeidsstad
Heimetenester Eikelandsosen, gruppe 2

Arbeidsoppgåver
Utøva klinisk sjukepleie som sikrar kvalitet og at brukarane sine rettar vert teken i vare.
Dokumentera helsehjelp i Profil.
Ansvarleg for å halda seg fagleg oppdatert.
Bidra til god ressursutnytting og tverrfagleg samarbeid.
Bidra til at interne og eksterne lover, reglar og prosedyrer blir følgt.
Vera pådrivar for planlegging, iverksetting og evaluere tiltak.
Bidra til godt samarbeid med brukar og pårørande.
Bidra til godt arbeidsmiljø.

Søkjarar utanfor Norden må dokumentera bestått "Bergenstest" (test i norsk- høgare nivå).
Utdanning frå utlandet - må vera NOKUT godkjent.

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Kvalifikasjonar
Vi søker deg som har/er:
- autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- anna helsefagleg utdanning og erfaring kan bli vurdert
- løysningsfokusert med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- ønskeleg med erfaring og kompetanse innan heimesjukepleie.
- førarkort klasse B

Eigenskapar
Sjølvstendig og strukturert.
Løysingsorientert og endringsvillig.
Fleksibel og lojal.
God evne til etisk refleksjon over eigen praksis.
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Motiverande og engasjerande medarbeidar med godt humør.

Vi tilbyr:
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.

Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Løn etter gjeldande avtalar.
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Vi ser fram til å høyre frå deg!

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

 

Del på:

Referansenummer:

22/3146

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Sjukepleiar

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

30.06.2022

Tiltreding:

snarast / etter avtale

Arbeidsstad:

gruppe 2 Eikelandsosen

Kontaktpersonar:

Turid Kristin Vindenes

mob: +47 990 79 79

Adresse:

Leitet 22 5640 Eikelandsosen

Kontorlokalisering: