Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter

Fusa bu- og behandlingssenter søker deg som vil jobbe som ekstrahjelp i 2022

Tilkallingsvikar

Har du eit hjarta for eldreomsorg, ynskjer ein god arbeidsplass og faglege utfordringar?

Då kan du vera den rette for oss!

Vi har behov for tilkallingsvikarar som kan arbeide dag, kveld og nattskift.

Som tilkallingsvikar kan vi tilby arbeid/vakter ved fråvær pga sjukdom, ferie eller andre høve som fører til behov for midlertidig arbeidskraft.

Tilkallingsvikarar har ikkje rett til å få tilbod om arbeid eller plikt til å påta seg tilbydd arbeid. 

Vi har behov for ekstrahjelp/ringevikar ved dei ulike avdelingane, på reinhald/vaskeri og på kjøkken.

Arbeidsstad:
Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS) er ein heildøgnsinstitusjon som ligg sentralt i Eikelandsosen, Bjørnafjorden kommune.

FBBS har 2 langtidsavdelingar for personar med demens, 1 langtidsavdeling for somatisk og 1 korttids-/rehabiliteringsavdeling som også har tilknytt 1 ØHD- plass. FBBS har eige produksjonskjøkken og vaskeri.

Søkjarar vil bli vurdert fortløpande slik at vi oppmodar om at du sender inn søknad snarast.

Arbeidsoppgåver:
- Pleie- og omsorgsoppgåver
- Miljøarbeid
- Opplæring vil bli gitt.

Kvalifikasjonar:
Vi ønskjer at du har helsefagleg utdanning eller er i eit helsefagleg utdanningsløp, men dette er ikkje eit krav.

Om du er ufaglært og har interesse for arbeid med mennesker eller erfaring innanfor kjøkken/ernæringsarbeid er du også velkommen til å søkja.

Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar som:
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner med godt humør
- positiv og lærevillig
- du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent.
Søkjarar utanfor Norden må legge fram dokumentasjon på gode norskkunnskapar og gjennomført norsktest B1/B2 nivå.

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr:
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtaler

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.  

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Del på:

Referansenummer:

21/259

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Varierande arbeidstid

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Helsefagarbeidar

Stillingstype:

Tilkallingsvikar

Søknadsfrist:

31.08.2022

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Alle avdelingar

Kontaktpersonar:

Anne Martha Oma

mob: +47 468 43 558

Eirin Bergheim

mob: +47 911 97 867

Lene Tveit

mob: +47 911 97 463

Monica Vindenes Bolstad

tlf: +47 56 58 02 26

Adresse:

Leitet 28 5640 Eikelandsosen

Kontorlokalisering: