Bjørnafjorden kommune Luranetunet bu -og behandlingssenter

Luranetunet bu og behandlingssenter søker

Tilkallingsvikarar

Vi har behov for tilkallingsvikarar som kan arbeide dag-, kveld- og nattevakter.
Som tilkallingsvikar kan vi tilby arbeid/vakter ved fråvær pga sjukdom, ferie eller andre høve som fører til behov for midlertidig arbeidskraft.
  

Arbeidsstad
Luranetunet rommar 2 korttidsavdelingar, 8 langtidsavdelingar og ein serviceavdeling – reinhald, vaskeri, kantine, teknisk.
Luranetunet sin visjon er «Varme og vekst i samspel».Varme og vekst står for den gode omsorga bebuarane våre skal oppleve, den personlege og fagleg utviklinga vi ønskjer for dei tilsette, og den varme velkomsten vi vil gi til pårørande og andre som kjem på besøk til oss.
Vi har og ein flott innebygd tropehage på 1300 m2 kor temperaturen er behageleg heile året. Her føregår det diverse aktivitetar både på dag og kveldstid og det er ein god stad å vere for både bebuarar, pårørande og tilsette.

Kvalifikasjonar

Som tilkallingsvikar ønskjer vi at du har du har helsefagleg utdanning eller er i eit helsefagleg utdanningsløp.

Er du ufaglært og har interesse for arbeid med menneske, gjerne med relvant arbeidserfaring er du og velkommen til å søke.

Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar som:
- du er engasjert, positiv og villig til å lære.
- er bevisst handlingane dine og set respekt, lojalitet og etikk høgt.
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- god norsk munnleg og skriftelg framstillingsevne

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Tilkallingsvikarar har ikkje rett til å bli tilbudt arbeid eller plikt til å påta seg tilbydd arbeid.

Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.

Vi kan tilby

  • Løn etter gjeldande avtalar, studentavlønning for relevant utdanning
  • Ekstra tilllegg for arbeid på natt
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

 

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Vi ser fram til å høyre frå deg!

Del på:

Referansenummer:

22/893

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Ekstrahjelp

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Assistent
Fagarbeidar
Helsefagarbeidar
Miljøterapeut
Sjukepleiar
Vernepleiar

Stillingstype:

Tilkallingsvikar

Søknadsfrist:

31.12.2022

Tiltreding:

snarast/etter avtale

Arbeidsstad:

Alle avdelingar

Adresse:

Solstrandsvegen 39 5200 OS

Kontorlokalisering: