Bjørnafjorden kommune Kommunedirektøren - stab&støtte

Administrerande direktør

Bjørnafjorden Utviklingsselskap AS er eit nyoppretta heileigd kommunalt selskap eig av Bjørnafjorden kommune. Bjørnafjorden Utviklingsselskap AS skal drive aktiv utvikling av det nye næringsområdet Lyseparken som ligg tett på ny E39 mellom Os og Bergen, berre 12 minutt frå Flesland og 15 minutt frå Bergen Sentrum.

Bjørnafjorden kommune har som eigar eit mål om at Lyseparken skal vere Noregs mest framtidsretta energi- og teknologipark. Bjørnafjorden Utviklingselskap AS kan også bli involvert i andre utviklingsområder i Bjørnafjorden. Selskapet er under oppbygging og vi søkjer no etter deg som skal leie selskapet.

Som administrerande direktør får du ansvaret for å byggje opp og leie selskapet i samarbeid med styret. De skal saman sørgje for at dei visjonane Bjørnafjorden kommune har for Lyseparken blir oppnådd, samstundes som selskapet opptrer profesjonellt og forretningsmessig. Det er ei forventning om at selskapet får positiv avkastning av investeringane ein gjer i Lyseparken og eventuelt andre områder selskapet engasjerer seg i.

Selskapet kan der ein finn det formålsteneleg inngå strategiske og forretningsmessige partnerskap/samarbeid. Selskapet kan også opprette underselskap der det er formålsteneleg. Ein sentral del av selskapet oppgåve vil vere å forvalte Lyseparken til beste for samfunnet og utvikle denne til å bli Noregs mest framtidsretta energi- og teknologipark.

Vi søkjer ein administrerande direktør som:

  • har leiarerfaring
  • har erfaring frå større prosjekt, gjerne internasjonale
  • har økonomi og/eller eigedomserfaring
  • har nese for framtidas energi- og teknologiløysingar
  • tør tenkje «utanfor boksen»

Vi tilbyr:

  • ein av regionens mest spennande jobbar innan næringsutvikling/eigedomsutvikling
  • løn etter avtale
  • hardt arbeid, tilfredsstillelsen av Lyseparken sin suksess og mykje moro

Arbeidsstad vil i oppstarten vere på Osøyro.

For meir informasjon sjå https://lyseparken-admdir.webflow.io/

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

 

Del på:

Referansenummer:

21/6878

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

27.09.2021

Tiltreding:

etter nærare avtale

Arbeidsstad:

Lyseparken

Kontaktpersonar:

Kommunedirektør Christian F. Fotland

mob: +47 991 21 809

Styreleiar Dag Aksnes

mob: +47 917 57 001

Adresse:

Rådhuset, Torggata 7 5200 Os

Kontorlokalisering