Bjørnafjorden kommune Oppvekst

Vil du vere tilkallingsvikar skuleåret 2021/2022?

Tilkallingsvikar som lærar

Er du engasjert, vaksen og tydeleg og ønsker å vere med å forme den gode skulen i Bjørnafjorden?

Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.

Satsingsområda våre er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20 (Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020). Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk.

Bjørnafjorden kommune har fjorten barneskular og tre ungdomsskular. 
Vi ber deg oppgi om du er interessert i å jobbe ved alle skulane i Bjørnafjorden kommune, eller eventuelt på kva side av fjorden du vil jobbe.

Registrer CV-en din og fortel litt om deg sjølv. Skulen tar kontakt med deg når dei har behov for vikar.

Som tilkallingsvikar kan vi tilby arbeid/vakter ved fråvær pga av sjukdom, ferie eller andre mellombels høve som fører til behov for midlertidig arbeidskraft. Tilkallingsvikarar har ikkje rett til å bli tilbudt arbeid eller plikt til å påta seg tilbudt arbeid.

Arbeidsstad                
Skulane i Bjørnafjorden kommune

Arbeidsoppgåver
Arbeid med barn i grunnskulen

Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som:
- har lærarutdanning eller anna relevant pedagogisk utdanning
- er student
Er du ufaglært og har interesse for arbeid med barn og unge er du også velkomen til å søke, og di tidlegare arbeidserfaring vil bli vurdert i høve til relevans.

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent. Søkarar må ha særs gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar som at:
 du har eit positivt menneskesyn
-  du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevne, samt interesse for barn og unge.
-  du er positiv og lærevillig
-  du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk

Her kan du lese meir om pensjonsordninga i KLP Offentlig tjenestepensjon kort fortalt - KLP.no
For undervisningsstillinger kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens pensjonskasse

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar -spesiell avlønning for studentar med relevant utdanning
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med navn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

 

Del på:

Referansenummer:

21/6254

Fylke:

  • Vestland

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

31.05.2022

Tiltreding:

Fortløpande

Arbeidsstad:

Skulane i Bjørnafjorden kommune

Adresse:

5200 Os

Kontorlokalisering