Bjørnafjorden kommune Fusa ungdomsskule

Er du klar for varierte dagar og spanande utfordringar?

Fagarbeidar/assistent ved Fusa ungdomsskule

Vi har ledig 50 % vikariat skuleåret 21/22

Skulen held til i topp moderne lokale med mange pedagogiske moglegheiter. Her er det kjekke elevar og eit utviklingsorientert og humørfylt personale prega av godt samarbeid. Skulen ligg sentralt plassert i Eikelandsosen med idrettsanlegg og fleirbrukshall tett ved.
Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt. Satsingsområda våre er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20 (Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020). 

Arbeidsstad
Fusa ungdomsskule ligg i Eikelandsosen i Bjørnafjorden kommune.  Skuleåret 2021-2022 vil vi ha ca 165 elevar og 27 tilsette. 

Arbeidsoppgåver
- vere ein autoritativ vaksen i møte med elevane
- jobbe godt med relasjonsarbeid og ta ansvar for relasjonen til elevane
- samarbeide med andre tilsette i skule
- synleggjere skulen på ein positiv måte

Kvalifikasjonar
Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller erfaring frå arbeid med barn og unge. Utdanning frå utlandet skal vere NOKUT-godkjent. 
Søkarar må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.

Eigenskapar
- Du må ha engasjement, evne og vilje til målretta samarbeid med elevar, tilsette og føresette
- Du er løysningsorientert og har ei proaktiv tilnærming til utfordrande situasjonar og problemstillingar
- Du er fleksibel
- Du har gode kommunikasjonsferdigheiter
Personlege eigenskapar vert vektlagt.

 Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø med høg kompetanse
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
- Eit hyggeleg arbeidsmiljø, eit stabilt personale og ei engasjert foreldregruppe
- Mange møtepunkt for fagleg utvikling og sosial kontakt

Her kan du lese meir om pensjonsordninga i KLP Offentlig tjenestepensjon kort fortalt - KLP.no

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

 

Del på:

Referansenummer:

21/5805

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

04.08.2021

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Fusa ungdomsskule

Kontaktpersonar:

Adresse:

Kontorlokalisering