Bjørnafjorden kommune Bustad -og flyktningtenesta

Bustadkonsulent

Bustad og flyktningtenesta er ei teneste som skal forvalte og følgje opp dei bustadsosiale tenestene i Bjørnafjorden kommune. Tenesta har også ansvar for introduksjonsprogram og busetjing av flyktningar i kommunen. Tenesta har omlag 10 årsverk og held til i Os sentrum. Vi har no ledig engasjement i 100% stilling for 6 månader, med mulighet for fast tilsetjing.

Arbeidsstad
Bustad- og flyktningkontoret held til i lokaler i Os sentrum.

Arbeidsoppgåver

Du vil ha ansvar for oppfølging og koordinering av bustadsosialt arbeid/forvalting av kommunale husvære. Stillinga føreset at du er fleksibel, då stillinga og vil medføra oppfølging ute i bumiljø. Du vil òg ha ansvar for fakturering, bustøtte samt husbankens lån- og tilskotsordningar. Arbeidet omfattar både indre og ytre del av Bjørnafjorden, og arbeid på begge sider av fjorden er dermed naudsynt.

Kvalifikasjonar

  • 3-årig relevant utdanning på Høgskulenivå. Lang erfaring kan i særskilte tilfelle kompensere for krav om utdanning.
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå bustadsosialt arbeid og/eller administrativt arbeid og sakshandsaming.

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar. Du som søkjer må vere fleksibel og ha evne til å samarbeide med andre, både eksternt og internt i Bjørnafjorden kommune.

Vi er eit kontor med mange ulike oppgåver og det er ein hektisk kvardag. Hjå oss har vi ein kultur der alle bidreg ved behov. Du som søkjer denne stillinga må difor trivast med mange og varierte arbeidsoppgåver.

Stillinga krev at du har sertifikat og det er ønskjeleg at du disponerer eigen bil.

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent.

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Her kan du lese meir om pensjonsordninga i KLP Offentlig tjenestepensjon kort fortalt - KLP.no

For undervisningsstillinger kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens pensjonskasse

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

 

Del på:

Referansenummer:

21/5589

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Engasjement

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

15.08.2021

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Bustad- og flyktningtenesta

Kontaktpersonar:

Adresse:

5200 Os

Kontorlokalisering