Bjørnafjorden kommune Psykisk helse og rustenester

100% fast stilling innan psykisk helsearbeid

Sjukepleiar / Vernepleiar

Psykisk helseteam med arbeidsstad i Eikelandsosen har frå september 2021 ledig 100 % fast stilling for vernepleiar/sjukepleiar.

Arbeidsstad
Stillinga er knytt til avdeling psykisk helse, som óg har ROP- team (rus og psykisk helse). Tenesta har treffstad på dagtid for brukarar både i Os og Eikelandsosen.

Arbeidsoppgåver
Du vil arbeida i tverrfagleg team og yte tenester etter vedtak i helse- og omsorgstenestelova. Du vil få ansvar for både individuell - og gruppebasert oppfølging, samt deltaking i drift av dagtilboda. Avdelinga har ansvar for oppfølging av vaksne pasientar med psykiske helse- og rusutfordringar.

Stillinga har arbeid på dagtid.

Kvalifikasjonar

  • Helsefagleg høgskuleutdanning som vernepleiar eller sjukepleiar
  • Vidareutdanning i psykisk helse- og / eller rusarbeid er ønskjeleg
  • Erfaring frå psykisk helsearbeid innan kommunehelsetenesta
  • Likar utfordringar, tar initiativ til å arbeida for forbetringar og gode løysingar
  • Evne til å arbeida målretta og ha god struktur
  • Evne til å byggja gode relasjonar både overfor brukarar og kollegaer
  • Det vert lagt særskild vekt på personlege eigenskapar
  • Menn vert oppmoda om å søkja
  • Ønskjeleg at du har førarkort klasse B og at du sporadisk kan disponere bil

Som medarbeidar må du lika å arbeida sjølvstendig, men samstundes vera fleksibel, god på samarbeid i tverrfagleg team og villig til å påta deg ansvar. Vi har ei kommunal helseteneste med stor bredde i type oppgåver og det er til tider ein hektisk kvardag. Hjå oss har vi ein kultur der alle bidreg ved behov. Du som søkjer desse stillingane må difor trivast med mange og varierte arbeidsoppgåver i ein travel kvardag. Bjørnafjorden kommune dekkjer eit stort geografisk område som omfattar oppfølging av pasientar i tidlegare Os og Fusa kommunar.

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Her kan du lese meir om pensjonsordninga i KLP Offentlig tjenestepensjon kort fortalt - KLP.no

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

 

Del på:

Referansenummer:

21/5430

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

15.08.2021

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Eikelandsosen

Adresse:

5200 Os

Kontorlokalisering