Bjørnafjorden kommune Luranetunet bu -og behandlingssenter

Luranetunet har ledig fast stilling som

Sjukepleiar ved Buavdelingane

Buavdeling I og II er omsorgsbustader med 16 langtidsplassar kvar. Vi har fokus på kva som er viktig for den enkelte brukaren, og arbeider tverrfagleg med pasient og pårørande i fokus. Pleiegruppa er sett saman av sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar. Vi samarbeider også tett med andre yrkesgrupper som kommunale ergo- og fysioterapitenester og lege. Vårt mål er å gje kvalitativt gode tenester tilpassa den einskilde sine behov. Vi har tilgang til både utvendig sansehage og vår nye flotte innandørs Tropehage og med lett tilgang til treningsrom. Vi kan tilby eit godt og fagfokusert arbeidsmiljø. Du som søker jobb hos oss må lika å jobba innan ulike fagfelt, like utfordringar og ha godt humør.

Luranetunet rommar 2 kortiidsavdelingar, 8 langtidsavdelingar og serviceavdeling. Luranetunet sin visjon er "Varme og vekst i samspel". Visjonen spring ut av den flotte, overbygde tropehagen på 1300 m2 i sentrum av Luranetunet. Her er det varmt og godt heile året, og aktivitet på både dag- og kveldstid. Hagen er ein god plass å vere for bebuarar, pårørande og tilsette,  og alt anna som veks og trivst når vi legg til rette for det. Varme og vekst står for den gode omsorga bebuarane våre skal oppleva, den personlege og fagleg utviklinga vi ønskjer for dei tilsette, og den varme velkomsten vi vil gje til pårørande og andre som kjem på besøk til oss. Ute har vi sansehage med høner, kaninar, lysthus, bærbuskar, tre og planter. Ønskjer du meir informasjon om Luranetunet, viser vi til heimesida vår; bjørnafjorden.kommune.no

Arbeidsoppgåver:
- Ansvar i samsvar med delegert mynde
- Aktivt bidra til å utvikla eit tenestetilbod i tråd med gjeldande lovverk, avdelinga og kommunen sin ideologi og verdisyn
- Bidra til å kvalitetssikra tenestetilbodet ved å arbeida for samordning av sjukepleiekompetansen på tvers av avdelingane
- Samarbeida med brukarar, pårørende, og andre helsetenester
- Syta for at brukarane får dei tenestene og det tilbod dei har fått tildelt gjennom vedtak

Kvalifikasjonar:
- Autorisert sjukepleiar
- Du er løysningsfokusert og har god komunikasjons-og samarbeidsevne
- God datakunnskap og kjennskap til dokumentasjonsprogrammet Profil eller andre PLO system vil vera ein fordel
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Søkjarar utanfor Norden må dokumentera gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg (B2)
- Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent
Det blir lagt vekt på personalege eigenskapar

 Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Eigenskapar:
Vi ønskjer deg som:
- Har gode kommunikasjons og samarbeidsevner
- Er drivande oppteken av kvalitet og fagutvikling
- Evner å motivera og skapa engasjement blant dei tilsette
- Er tydeleg, arbeider målretta og har gjennomføringskraft
- Har evne til å strukturera og koordinera arbeid i ein hektisk kvardag
- Er positiv, kreativ og løysningsorientert

Vi tilbyr:
- Fast stilling i 90 - 100%, turnus med arbeid kvar 3. helg
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø 
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring 
- Løn etter gjeldande avtalar 

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Her kan du lese meir om pensjonsordninga i KLP Offentlig tjenestepensjon kort fortalt - KLP.no

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. 

Del på:

Referansenummer:

21/5300

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

16.08.2021

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Buavdeling I og II

Adresse:

Solstrandsvegen 39 5200 OS

Kontorlokalisering