Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter

Helsefagarbeidar

Har du eit hjarta for eldreomsorg og som bankar ekstra for demensomsorga, og ønsker ein god arbeidsplass med faglege utfordringar? Då kan du være den medarbeidaren som vi søker. 

Vi har ledig 68 % fast stilling som helsefagarbeidar f.t. ved miljøavdelinga frå 01.10.21.
Stillinga er i turnus.

Fusa bu- og behandlingssenter (Fbbs) er ein heildøgnsinstitusjon som ligg sentralt i Eikelandsosen, Bjørnafjorden kommune, med flott utsikt over fjorden. Dei siste åra har institusjonen vore gjennomg ei større ombygging. Store gode rom, fine fargar og bilder, samt gode kollegaer i eit godt arbeidsmiljø gjer dette til ein god plass å jobbe.
FBBS består av 2 miljøavdelingar for personar med demens, 1 buavdeling for somatisk og 1 korttids/rehabiliteringsavdeling som også har tilknytt 1 ØHD- plass. FBBS har eige produksjonskjøkken og vaskeri.  

Arbeidsstad
Fusa bu- og behandlingssenter, miljøavd.

Arbeidsoppgåver
Pleie og omsorg
Aktivisering og miljøarbeid
Praktisk hjelp til pasientar og bebuarar i institusjon
Ernæringsarbeid knytt til måltid/kjøkkenarbeid
Være med å drive forbetringsarbeid og vidareutvikle tenestene

Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som har/er:
Autorisasjon som helsefagarbeidar
Andre med relevant utdanning er velkommen til å søkje
Du må vera fleksibel, serviceinnstilt,  lojal og pliktoppfyllande
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, med godt humør
Du kan arbeide sjølvstendig
Du må ha eit fagleg engasjement og interesse for eldreomsorg, med eit bankande hjarta for demensomsorga
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar  

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Her kan du lese meir om pensjonsordninga i KLP Offentlig tjenestepensjon kort fortalt - KLP.no

For undervisningsstillinger kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens pensjonskasse

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

 

Del på:

Referansenummer:

21/5297

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

23.08.2021

Tiltreding:

01.10.2021

Arbeidsstad:

Miljøavdelinga

Kontaktpersonar:

Anne Martha Oma

mob: +47 468 43 558

Lene Tveit

mob: +47 911 97 463

Adresse:

Leitet 28 5640 Eikelandsosen

Kontorlokalisering