Bjørnafjorden kommune Psykisk helse og rustenester

Vi utvider drifta!

Faste stillinger innan rusfeltet

I samband med utviding av drifta ved Vartun oppfølgingsteneste har vi følgjande faste stillingar ledig:  

  • 2 x 100 % miljøterapeutar, herav minimum 1 stilling for sjukepleiar/vernepleiar
  • 2 x 60 % miljøterapeutar 
  • 3 x 35 % assistent kvilande natt

I tillegg er det ledig vikariat 40 % for sjukepleiar/vernepleiar frå omgåande fram til september, med mulighet for forlenging så lenge sjukefråværet gjeld.

Ny vaktplan er under utarbeiding. Det kan leggjast til rette for kombinasjon av korte og lange vakter, slik at 60 % og 40 % deltidsstillingar kan aukast opp når det er forsvarleg i høve grunnbemanninga

Stillingane er i turnus med arbeid kvar 3.helg, både ordinære vakter og langvakter inngår i turnusplanen.

La det koma fram i søknaden kva stilling du søkjer, evt i prioritert rekkefølge om fleire stillinger er aktuelle.

Arbeidsstad

Vartun Oppfølgingsteneste tilbyr tenester til menneske med rusavhengighet. Hovudmål for Vartun er å fremja livskvalitet for tenestemottakarane og å førebygge at brukarar vert utan bustad. Vartun Oppfølgingsteneste samarbeider med andre aktuelle tenester kring rehabilitering. Målet er å betre livskvaliteten for rusavhengige med fokus på å redusere fysiske skadeverknader, betre den psykiske helsa og redusere sosiale skadar. Vi ønsker å legge til rette for at den enkelte brukar skal kunne ha moglegheit for endring og utvikling. Dette gjer vi gjennom tryggleik, miljøterapeutiske tiltak og ulike aktivitetar. Vi tilbyr brukarar ein aktiv kvardag gjennom friluftsaktivitetar, fotball, lågterskel arbeid etc. Vartun har også ansvar for LAR- legemiddelassistert rehabilitering og lågterskeltenestene Livskvalitet (aktivitet/arbeid) og Baksio, møtestad for rusavhengige.

Arbeidsoppgåver

  • Bidra til at brukarane får nødvendig hjelp og gode tenester etter avtalar, lov og forskrift.
  • Bistå brukarane i daglege gjeremål og i ulike aktivitetar.
  • Primærkontaktarbeid, utarbeide planar og delta i ansvarsgrupper.
  • Delta i LAR-behandling.
  • Miljøterapi og praktiske oppgåver.

Kvalifikasjonar
Stilling som miljøterapeut spesielt krev:

  • bachelor og autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar, eller annan relevant høgskuleutdanning 
  • ønskjeleg med vidareutdanning innan psykisk helse- og/eller rusarbeid
  • helsefagarbeidere til deltidsstillingane vil bli vurdert, gjerne med erfaring frå psykisk helse- og/eller rusarbeid
  • utanlandsk utdanning må vere NOKUT-godkjend

Stilling som assistent kvilande natt krev ikkje formell utdanning, men relevant erfaring og og kompetanse vert vektlagt.

Generelt krev stillingane at du

  • evner å sjå potensiale for utvikling og er fleksibel i møte med brukarar
  • har god kommunikasjonsevne og god på å bygge relasjoner

Personlege eigenskaper vert vektlagt.

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Her kan du lese meir om pensjonsordninga i KLP Offentlig tjenestepensjon kort fortalt - KLP.no

For undervisningsstillinger kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens pensjonskasse

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

 

Del på:

Referansenummer:

21/5296

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

15.08.2021

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Vartun oppfølgingsteneste

Adresse:

5200 Os

Kontorlokalisering