Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter

Sjukepleiar - vikariat på natt

Har du eit hjarta for eldreomsorg, ønsker ein god arbeidsplass og faglege utfordringar? Då kan du vera den rette medarbeidaren for oss! 

Fusa bu- og behandlingssenter (Fbbs) er ein heildøgnsinstitusjon som ligg sentralt i Eikelandsosen, Bjørnafjorden kommune. FBBS består av 2 miljøavdelingar,1 buavdeling og 1 korttids/rehabiliteringsavdeling som også har tilknytt 1 ØHD- plass. FBBS har eige produksjonskjøkken og vaskeri.

Med nydeleg utsikt over fjorden, i fine nyoppussa lokaler og dyktige kollegaer i eit godt arbeidsmiljø gjer dette til ein spennande og utfordrande arbeidsplass. Dei siste åra har institusjonen gjennomgått ei større ombygging, med store gode rom, fine fargar og bilder. Ein flott sansehage knyttar dei to miljøavdelingane saman og her kan ein nyte gode stunder ute. 

Førebygging og rehabilitering, meistring og omsorg, råd og veiledning, ernæring, observasjon og dokumentasjon er ein viktig del av det å jobbe på FBBS. Ein får moglegheit til å jobbe tverrfagleg med andre arbeidsgrupper. 

Vi har ledig 100 % vikariat for sjukepleiar på natt frå snarast - 31.01.22.
Stillinga er i turnus etter gjeldande turnusavtale.

Arbeidsstad
Fusa bu- og behandlingssenter, nattevaktlag

Arbeidsoppgåver
Pleie og stell
Dokumentasjon og rapportering
Prosedyrar
Vera med å drive forbetringsarbeid og vidareutvikle tenestene.

Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter deg som har:
Norsk autorisasjon som sjukepleiar
Kan arbeide sjølvstendig og ta ansvar
Du må vera fleksibel, serviceinnstilt, lojal og pliktoppfyllande
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og godt humor
Du må ha eit fagleg engasjement og interesse for eldreomsorg

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar 

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent 

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Her kan du lese meir om pensjonsordninga i KLP Offentlig tjenestepensjon kort fortalt - KLP.no

For undervisningsstillinger kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens pensjonskasse

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

 

Del på:

Referansenummer:

21/5261

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Natt

Søknadsfrist:

15.09.2021

Tiltreding:

snarast / etter avtale

Arbeidsstad:

nattevaktlag

Adresse:

Leitet 28 5640 Eikelandsosen

Kontorlokalisering