Bjørnafjorden kommune Luranetunet bu -og behandlingssenter

Ledig avdelingsleiarastilling frå august 2021

Avdelingsleiar 100 % - dementavdelingar ved Luranetunet

Vi har ledig leiarstillingar ved to av dementavdelingane våre. Er du opptatt av høg fagleg standard og målretta miljøterapeutiske tiltak til personar med demenssjukdom? Ser du eit godt arbeidsmiljø, personalleiing og utvikling som ein føresetnad for å lykkast med god tenesteyting? Då søker vi deg!

Om Luranetunet bu- og behandlingssenter
Luranetunet rommar 2 korttidsavdelingar, 8 langtidsavdelingar og serviceavdelingar – reinhald, vaskeri, kantine og teknisk.
Luranetunet har også fast tilsette sjukeheimslegar. Luranetunet sin visjon er «Varme og vekst i samspel». Visjonen spring ut av den overbygde Tropehagen i sentrum av Luranetunet. Her er det varmt og godt heile året, og aktivitet på både dag- og kveldstid. Varme og vekst står for den gode omsorga bebuarane våre skal oppleve, den personlege og fagleg utviklinga vi ønsker for dei tilsette, og den varme velkomsten vi vil gi til pårørande og andre som kjem på besøk til oss. Vi er stolt av at Luranetunet er ein utdanningsinstitusjon med flotte studentar, lærlingar og elevar frå ulike utdanningar. For tida har vi eit prosjekt innan matomsorg der vi blant anna skal etablere eit nytt felles tillagingskjøkken for heile institusjonen. Velferdsteknologi er også eit spanande og prioritert satsingsområde i kommunen. Du kan lese meir om desse prosjekta og fleire på heimesida vår bjornafjorden.kommune.no eller Luranetunet si Facebook side

Arbeidsoppgåver

Administrative:
- Ansvar for dagleg drift og arbeidsplanar
- Personalleiing og rekruttering
- Økonomi/budsjettansvar for eiga avdeling
- Drive avdelinga i tråd med helselovgjevinga og internt lov og avtaleverk

 Faglege:
- Bidra til å utvikle gode tenester for personar med demenssjukdom
- Fagleg leiing og oppfølging av personalet
- Dagleg oppfølging og rettleiing når det gjeld dokumentasjon gjennom IPLOS og PROFIL
- Ansvarleg for at dei som jobbar i avdelinga er fagleg oppdatert og meistrar dei systema som er i bruk
- Vere ein del av avdelingsleiargruppa og medverke til utvikling av gode pleie- og omsorgstenester i Bjørnafjorden kommune

Kvalifikasjonar:
- Relevant helsefagleg utdanning. Høgare utdanning er eit ønske, og ikkje eit krav
- Gode leiareigenskapar. Leiarerfaring, eventuelt leiarutdanning eller relevant vidareutdanning t.d innan geriatri eller psykiatri er også eit ønske
- God kunnskap om turnus
- God datakunnskap og interesse for digitale løysningar
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
- Utanlandsk utdanning må vere NOKUT-godkjent

Vi gjer merksam på at du må leggje fram politiattest.

Eigenskapar:
Vi ønsker ein leiar som:
- Har stort engasjement for demensomsorg og miljøterapeutisk arbeid
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Er endringsvillig og løysingsorientert
- Er drivande opptatt av kvalitet og fagutvikling
- Evnar å motivere og skape engasjement blant dei tilsette
- Er tydleg, arbeider målretta og har gjennomføringskraft
- Har evne til å strukturere og koordinere arbeid i ein hektisk kvardag
- Er positiv og kreativ med fokus på gode løysingar for brukarar og tilsette

Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Arbeid i ein organisasjon i utvikling og moglegheit til å vere med å påverke
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Her kan du lese meir om pensjonsordninga i KLP Offentlig tjenestepensjon kort fortalt - KLP.no

For undervisningsstillinger kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens pensjonskasse

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

 

Del på:

Referansenummer:

21/5259

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

06.08.2021

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Luranetunet bu- og behandlingsssenter

Kontaktpersonar:

Adresse:

Solstrandsvegen 39 5200 OS

Kontorlokalisering