Bjørnafjorden kommune Luranetunet bu -og behandlingssenter

Ledige stillingar på Luranetunet

Sjukepleiar heiltid- og deltidstilling

Vi har ledig 100% fast stilling, ved Behandlingsavdelinga, i todelt turnus, og 50% fast stilling som sjukepleier natt. 

Behandlingsavdelinga er ei korttidsavdeling som også har ØH senger og senger til palliative pasienter. Vi har god fagdekning og fleire har spesialisert seg innan ulike fagfelt. Pleiegruppa er sett saman av sjukepleiarar helsefagarbeidarar og assistentar. Vi er også ein praksisplass for svært mange i helsefagleg utdanningsløp. Det er eigen lege tilknytta avdelinga og vi har tilsyn av lege dagleg. Vi samarbeider tett med andre yrkesgrupper som kommunale ergo- og fysioterapeutar. Naboavdelingen Skogheim er ein liten dementavdeling der ein på natt arbeider på tvers. 

Avdelinga er i 3. etg.i nybygget,og vi har tilgang til både utvendig sansehage, innvendig tropehage og lett tilgang til treningsrom. 

Om Luranetunet bu- og behandlingsssenter 
Luranetunet sin visjon er «Varme og vekst i samspel». Visjonen spring ut av den flotte, overbygde tropehagen på 1300 m2 i sentrum av Luranetunet. Her er det varmt og godt heile året, og aktivitet på både dag- og kveldstid.  
Hagen er ein god plass å vere for bebuarar, pårørande og tilsette - og alt anna som veks og trivst når vi legg til rette for det. Varme og vekst står for den gode omsorga bebuarane våre skal oppleve, den personlege og fagleg utviklinga vi ønskjer for dei tilsette, og den varme velkomsten vi vil gi til pårørande og andre som kjem på besøk til oss. Ute har vi sansehage med høner, kaniner, lysthus, bærbuskar, tre og planter.   

Luranetunet er ein utdanningsinstitusjon med mange studentar, lærlingar og elevar som har krav på god rettleiing, og sjukepleiarane er sentrale i dette arbeidet. Vi dokumenterer helsehjelp i Profil og vi har eit elektronisk kvalitetssystem med rutinar og prosedyrar som kvar enkelt er ansvarleg for å halde seg oppdatert på. 

Vi ønskjer oss deg som:
- har autorisasjon som sjukepleiar 
- er fleksibel og likar å arbeide i eit variert og aktivt miljø 
- har fokus på kvalitet  

deler kompetansen din og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- set respekt og etikk høgt
- bidrar positivt til arbeidsmiljøet i avdelinga, og heller ikkje er redd for å bli kjent i andre avdelingar og bidra der om det trengst
Det blir lagt vekt på dine personlege eigenskap.

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr:
Fast tilsetting i to-delt turnus med arbeid kvar 3. helg, eller anna turnustilpasning om det er aktuelt. 
Som ny i avdelinga vil du få god oppfølging og rettleiing . Nyutdanna sjukepleiarar vil få tilbod om eit særskilt tilpassa introduksjonsprogram. Luranetunet har plan for internundervisning og det er moglegheit for relevant vidareutdanning, samt deltaking på aktuelle kurs.

- faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- løn etter gjeldande avtalar

 Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen 

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

 

Del på:

Referansenummer:

21/4750

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

24.06.2021

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Behandlingsavdelinga

Adresse:

Solstrandsvegen 39 5200 OS

Kontorlokalisering