Bjørnafjorden kommune

Nore Fusa skule og Holmefjord barnehage søker etter:

Reinhaldar, 40 % vikariat

Vi har ledig 40 % vikariat i tida 01.08.21- 31.12.21, med mogeleg forlenging.

Nore Fusa skule og Holmefjord barnehage ligg på Holmefjord i Bjørnafjorden kommune. Skulebygget var nytt i 1995 med påbygg i 2018, medan Holmefjord barnehage vart bygd i 2015. Nore Fusa skule og Holmefjord barnehage er samlokalisert i same bygg, og har lyse og trivelege lokale. Skulen og barnhehagen har eit godt miljø for born og tilsette, og er ein arbeidsplass prega av godt humør, engasjement og høg kompetanse.

Arbeidsstad
Nore Fusa skule og Holmefjord barnehage

Arbeidsoppgåver
- Stillinga innebærer reinhaldsoppgåver, daglig og periodisk av skulen og barnehagen sine lokaler
- Vask, støvtørking og flekkfjerning av lokaler og utstyr

Kvalifikasjonar
Vi søker fortrinnsvis deg med fagbrev som reinhaldar, men relevant erfaring og kompetanse kan kompensere for manglande utdanning

Eigenskapar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Ansvarsbevisst og grundig
- Sjølvstendig
- Pliktoppfyllande
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø og har høg arbeidsmoral

Det blir lagt vekt på dine personlege eigenskapar i tilsettingsprosessen

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Her kan du lese meir om pensjonsordninga i KLP Offentlig tjenestepensjon kort fortalt - KLP.no

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

 

Del på:

Referansenummer:

21/4746

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

20.06.2021

Tiltreding:

01.08.2021

Arbeidsstad:

Nore Fusa skule/Holmefjord barnahage

Kontaktpersonar:

Adresse:

Kontorlokalisering