Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester for vaksne

Helgestilling

Ved Tilrettelagte tenester vaksne, for tida ved avdeling Kuhnletunet Rekke 1, er det ledig 20,89%  fast
helgestilling.


Arbeidsstad
Tilrettelagte tenester for vaksne i Bjørnafjorden kommune gjer tenester til vaksne med ulike
funksjonsnedsettingar, i hovudsak personar over 18 år med utviklingshemming. Tenestene består av 8
bufellesskap, ambulante tenester og 2 dagsenter.

Kuhnletunet Rekke 1 ligg nokre minutt i frå Os sentrum. Bufellesskapet gjer tenester til 4 bebuarar med
varierande bistandsbehov.

Arbeidsoppgåver
Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god
livskvalitet, brukermedvirking og førebygging. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå
sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand
vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar.
Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.

Stillinga er i turnus med arbeid ordinære vakter 2. kvar helg.

Kvalifikasjonar
Til helgestillingar ønskjer vi særleg å rekruttere deg som er student innan helse, sosialfagleg eller pedagogisk
utdanning.
Andre søkjarar med relevant utdanning eller erfaring kan også bli vurdert. Vi søkjer og deg som er ufaglært,
men har interesse for å jobbe med menneske, og som på sikt kunne tenke deg å ta ei relevant utdanning.
Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.
Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mulig kompetansebreidde og personlege
kvalifikasjonar.

Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar.

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr:
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.

- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Løn etter gjeldande avtalar.
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Her kan du lese meir om pensjonsordninga i KLP Offentlig tjenestepensjon kort fortalt - KLP.no

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

 

Del på:

Referansenummer:

21/4702

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Helg

Søknadsfrist:

23.06.2021

Tiltreding:

etter avtale

Arbeidsstad:

Kuhnletunet rekke 1

Adresse:

0000

Kontorlokalisering