Bjørnafjorden kommune Heimetenester Os

Helgestillingar

Har du eit hjarta for eldreomsorg med ønske om ein god arbeidsplass og spennande utfordringar?
Då kan du vera den rette for oss!

Heimetenester Os har fleire ledige faste helgestillingar i omlag 12 % stilling frå snarast. 

Det er ledige helgestillingar ved dei ulike avdelingane, og spesifiser gjerne i søknaden om du er søkjar berre til ei avdeling, eller fleire.
Avdeling 1 v/ avd leiar Katrine Mæland
Avdeling 2: v/ avd leiar Inger Lise Tvedt
Avdeling 3: v/ avd leiar Hilde Hjelle 

Arbeidsstad
Pleie og omsorg, Heimetenester Os
Heimesjukepleien er ein kjekk arbeidsplass der du får arbeide med flotte medarbeidere.Vårt mål er at alle brukere skal få bu i eigen heim så lenge dei kan. Arbeidet er variert, hektisk og innimellom litt uforutsigbart. Vi ønsker ein fleksibel og løysningsorientert medarbeider og håpar at du vil vere med å jobbe ein stad som er i stadig utvikling. 

Arbeidsoppgåver
Pleie og miljøarbeid 

Kvalifikasjonar
Vi søker deg som er:
Helsefagarbeidar/elev, sjukepleiarstudent, legestudent evt andre med relevant helsefagleg erfaring eller utdanning. 

- Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg.
- Bestått Norsk-kurs nivå B1/B2, for søkjarar utanfor Norden
- Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent
- Førarkort kl B 

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar. 
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Eigenskapar
Du er ein positiv, motivert og engasjert medarbeidar.
Du kan bidra aktivt til eit godt og humørfylt arbeidsmiljø.
Du er nytenkande, løysningsorientert og har evne til å jobbe sjølvstendig.
Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. 

Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter gjeldande avtaler.

Vi ser fram til å høyre frå deg!

Del på:

Referansenummer:

21/4572

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

20.08.2021

Tiltreding:

etter avtale

Arbeidsstad:

alle avdelingar

Adresse:

Holen 1 5200 OS

Kontorlokalisering