Bjørnafjorden kommune Heimetenester Os

Heimetenester Os søker deg som ønsker jobbe på natt med dyktige kollegaer i eit godt arbeidsmiljø!

Sjukepleiar, natt - vikariat

Har du eit hjarta for eldreomsorg, ynskjer ein god arbeidsplass og faglege utfordringar?

Då kan du vera den rette for oss!

Heimesjukepleie er eit satsingsområde i kommunen der ein legg vekt på at innbyggjarar som ønskjer det skal få bu lenger i eigen heim. Tenestene er i ei spennande utvikling med kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi.

Heimetenester Os er ein flott arbeidsplass der du får jobbe med mange flotte medarbeidarar. Arbeidet er variert og innimellom uforutsigbart og hektisk, men veldig kjekt og givande.

Vi har ledig 56 % vikariat på natt som sjukepleiar frå snarast og omlag 6 mnd.
Stillinga er i turnus med arbeid på helg etter gjeldande turnusavtale. Det er 2 sjukepleiarar som går nattevaktene saman. 

Arbeidsstad:
Pleie og omsorg, Heimetenester Os

Arbeidsoppgåver:
Utøva klinisk sjukepleie som sikrar kvalitet og at brukarane sine rettar vert teken i vare

Delta i utarbeiding av gode system og rutinar på natt
Dokumentera helsehjelp i Profil
Samarbeide med og rettleie yrkesgrupper innan eige fagområde
Samarbeida med brukarar, pårørande, og andre helsetenester
Ansvarleg for å halda seg fagleg oppdatert

Kvalifikasjonar:
Autorisasjon som sjukepleiar

Ønskjeleg med erfaring frå heimetenesta
Du er løysingsfokusert og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Førarkort kl. B

Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar som:
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner med godt humør

- evne til å møte andre på ein respektfull måte
- du må vera fleksibel, løysingsorientert, lojal og pliktoppfyllande
- kan jobbe både sjølvstendig og i godt samarbeid med andre

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent.
Søkjarar utanfor Norden må legge fram dokumentasjon på gode norskkunnskapar og gjennomført norsktest B1/B2 nivå.

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr:
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø

Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Løn etter gjeldande avtaler
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Her kan du lese meir om pensjonsordninga i KLP Offentlig tjenestepensjon kort fortalt - KLP.no

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

 

Del på:

Referansenummer:

21/4430

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

15.06.2021

Tiltreding:

etter avtale

Arbeidsstad:

nattevaktlag

Adresse:

Solstrandvegen 39 5200 OS

Kontorlokalisering