Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter

Fusa bu- og behandlingssenter (Fbbs) søker etter

Kokk / institusjonskokk

Er du engasjert, skapar lett gode relasjonar med samarbeidspartnarar og vil vera med å utvikle tenestene på postkjøkken og produksjonskjøkken ved Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS), kan du være den rette for oss.

Vi har ledig 100 % fast stilling som kokk ved FBBS frå 01.08.21.

FBBS er heildøgnsinstitusjon som ligg sentralt i Eikelandsosen, Bjørnafjorden kommune, med utsikt over fjorden. Dei siste åra har institusjonen gjennomgått ei større ombygging i avdelingane og fellesareal. Ein skal januar 2022 i gang med ombygging og utviding av produksjonskjøkkenet. Produksjonsmetoden er kok/kjøl. I samband med utbygging av produksjonskjøkken og større omfang av matproduksjon treng ein utvide kokkestaben.

Arbeidsstad
Fusa bu- og behandlingssenter, kjøkken

Arbeidsoppgåver
Produksjon av måltider til brukarar i institusjon og heimebuande
IK-mat/HACCP
Nedpakking av mat, rydding og vasking
Være med å drive forbetringsarbeid og vidareutvikle tenestene

Kvalifikasjonar og eigenskapar
Kokk / institusjonskokk med fagbrev eller andre med relevant erfaring og praksis
Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
Personlege og faglege eigenskapar vert vektlagt
Du kan arbeide sjølvstendig og strukturert, med godt humør
God logistikk på nedpakking, rydding og vasking
Løysingsorientert og endringsvillig
Fleksibel og lojal
God evne til etisk refleksjon over eigen praksis
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Motivert og engasjert medarbeidar
IT- kunnskapar
Førarkort kl B

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Løn etter gjeldande avtalar
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Her kan du lese meir om pensjonsordninga i KLP Offentlig tjenestepensjon kort fortalt - KLP.no

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkjaren varslast om dette.

 

Del på:

Referansenummer:

21/4028

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

29.06.2021

Tiltreding:

01.08.2021

Arbeidsstad:

kjøkken

Adresse:

Leitet 28 5640 Eikelandsosen

Kontorlokalisering