Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester for vaksne

Ferievikarar

Ønskjer du bruka sommaren til å skaffa deg spanande praksis?
Kan ferievikariat i Bjørnafjorden kommune vera noko for deg?

 

Arbeidsstad:

Tilrettelagte tenester for vaksne i Bjørnafjorden kommune gjer tenester til vaksne med ulike funksjonsnedsettingar, i hovudsak personar med utviklingshemming over 18 år. Tenesta består av 8 bufellesskap, ambulante tenester og 2 dagsenter

Behovet for ferievikarar gjeld i bufellesskapa, som er følgande avdelingar:

- Hellemyra Bufellesskap

- Torsneset Bufellesskap 

- Kunhletunet rekke 1

- Kuhnletunet rekke 2

- Vestre Lurane bufellesskap

- Bolig Moberg

- Idrettsvegen bufellesskap

- Bjørnefjorden bufellesskap

 

Ta gjerne med i søknaden din om det høver best for deg å jobbe på Fusa sida eller Os sida av kommunen.

Vi treng ferievikarar i månadane juni, juli og august. Det kan også vere aktuelt med oppstart eller opplæring i mai månad for dei som har høve til dette. Skriv i søknaden din kva periode som er aktuelt for deg å jobbe. Vikarar som kan jobbe samanhengande og dekke eit størst mogleg tidsrom av sommaren vil bli prioitert. 

Tilsetjing vil verta gjort fortløpande så vi oppmodar deg om å sende inn søknaden din snarast.

 

Kvalifikasjonar:

Er du engasjert, trygg, omsorgsfull og har interesse for å arbeide med menneske, er du velkomen til å søkje sommarjobb i Bjørnafjorden kommune.
Tilrettelagte tenester for vaksne oppmodar særleg studentar innan helse, sosialfaglege og pedagogiske studie til å søkje.

Du må vera fylt 18 år
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjend
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.


Vi tilbyr:

- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtaler

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.  

 

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

 

Del på:

Referansenummer:

21/1200

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Ekstrahjelp

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

21.06.2021

Arbeidsstad:

Alle bufellesskapa

Kontaktpersonar:

Adresse:

0000

Kontorlokalisering