Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester for vaksne

Tilrettelagte tenester vaksne søker deg som vil jobbe som ekstrahjelp i 2021

Tilkallingsvikar

Tilrettelagte tenester vaksne i Bjørnafjorden kommune har behov for tilkallingsvikarar som kan arbeide dag- kveld- og nattskift.

Som tillkallingsvikar kan vi tilby vakter/arbeid ved fråvær pga sjukdom, ferie eller andre mellombels høve som fører til behov for midlertidig arbeidskraft. Tilkallingsvikarar har ikkje rett på å bli tilbudt arbeid eller plikt til å påta seg tilbudt arbeid.

 
Arbeidsstad

Tilrettelagte tenester for vaksne i Bjørnafjorden kommune gjer tenester til vaksne med ulike funksjonsnedsettingar, i hovudsak personar med utviklingshemming over 18 år. Tenesta består av 8 bufellesskap, ambulante tenester og 2 dagsenter.

Ta med i søknaden din om det passar best for deg å jobbe på Fusa sida eller Os sida av kommunen.

Tilsetjing vil bli gjort fortløpande så vi oppmodar deg om å senda inn søknaden din snarast.

 
Arbeidsoppgåver

Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane.
I funksjonen inngår førebygging, habilitering og rehabilitering. Arbeidet består i å yte brukarane den bistanden dei treng for å gjennomføre daglege gjeremål, ta del i sosiale aktivitetar og gjere brukarane meir sjølvhjelpne.
Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.


Kvalifikasjonar
Som tilkallingsvikar ønskjer vi at du har du har relevant helse- sosialfagleg eller pedagogisk utdanning eller er i eit slikt utdanningsløp. 

Er du ufaglært og har interesse for arbeid med menneske er du også velkomen til å søkja, og di tidlegare arbeidserfaring vil bli vurdert i høve til relevans.


Det blir lagt vekt på personlege eigenskaper som:
- du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- du er positiv og lærevillig
- du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Søkjarar utanfor Norden må legge fram dokumentasjon på gode norskkunsskapar og gjennomført norsktest på B1/B2 nivå.

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.


Vi tilbyr:

- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtaler

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.  

 

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

 

Del på:

Referansenummer:

21/383

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Ekstrahjelp

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Skift/turnus

Arbeidsstad:

Alle avdelingar

Kontaktpersonar:

Adresse:

0000

Kontorlokalisering