Bjørnafjorden kommune Heimetenester Eikelandsosen

Heimetenester Eikelandsosen søker deg som vil jobbe som ekstrahjelp i 2021

Tilkallingsvikar

Har du eit hjarta for eldreomsorg, ynskjer ein god arbeidsplass og faglege utfordringar?

Då kan du vera den rette for oss!

Heimesjukepleie er eit satsingsområde i kommunen der ein legg vekt på at innbyggjarar som ønskjer det skal få bu lenger i eigen heim. Tenestene er i ei spennande utvikling med kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi.

Vi har behov for tilkallingsvikarar som kan arbeide dag, kveld og nattevakter. 
Som tilkallingsvikar kan vi tilby arbeid/vakter ved fråvær pga sjukdom, ferie eller andre høve som fører til behov for midlertidig arbeidskraft.
Tilkallingsvikarar har ikkje rett til å få tilbod om arbeid eller plikt til å påta seg tilbydd arbeid. 

Vi har behov for ekstrahjelp/ringevikar i heimesjukepleien / heimehjelp og ved dagsenteret.

Arbeidsstad:
Heimetenester Eikelandsosen - heimesjukepleie og heimehjelp i
gruppe 1 Baldersheim
gruppe 2 Eikelandsosen
Dagsenter for eldre og demente 

Dersom du har spesielle ønskjer for avdeling, er det viktig at du set dei opp i prioritert rekkefølgje i søknaden.

Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande så vi oppmodar deg om å senda inn søknaden din snarast.

Arbeidsoppgåver:
- Pleie- og omsorgsoppgåver
- Miljøarbeid
- Heimehjelp/reinhald
- Opplæring vil bli gitt.

Kvalifikasjonar:
Vi ønskjer at du har helsefagleg utdanning eller er i eit helsefagleg utdanningsløp, men dette er ikkje eit krav.

Om du er ufaglært og har interesse for arbeid med mennesker eller har helsefagleg erfaring, kan du vera aktuell søkjar.

Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar som:

- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner med godt humør.
- evne til å møte andre på ein respektfull måte.
- du må vera fleksibel, serviceinnstilt, lojal og pliktoppfyllande
- kan jobbe både sjølvstendig og i godt samarbeid med andre.

Førarkort kl B.

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent.
Søkjarar utanfor Norden må legge fram dokumentasjon på gode norskkunnskapar og gjennomført norsktest B1/B2 nivå.

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr:
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtaler
- Eigen avlønning til studentar med relevant utdanning.

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.  

 

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

 

Del på:

Referansenummer:

21/381

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Ekstrahjelp

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Skift/turnus

Arbeidsstad:

alle avdelingar

Kontaktpersonar:

Edith Oma

tlf: +47 5658 0214

mob: +47 900 35 540

Adresse:

Leitet 22 5640 Eikelandsosen

Kontorlokalisering