Bjørnafjorden kommune

Bli barnehagelærar i Bjørnafjorden kommune!

Faste barnehagelærarstillingar i Bjørnafjorden kommune frå 01.08.25.

Ønskjer du å bruke fagkompetansen din til å gje barn og unge ein trygg oppvekst? Då har vi jobben for deg.

Vi ser etter deg som er fagleg engasjert og oppdatert. Du viser omsorg, evner å skape relasjoner til store og små, og tar ansvar. Du ser barna sine individuelle styrker og behov, og sørger for at dei opplever meistring gjennom leik og læring.

Du ønskjer å utvikle deg fagleg i eit miljø kor du får  bidra, bruke din kompetanse og får støtte og rettleiing. Du kan jobbe både sjølvstendig og i team for å nå barnehagen sine mål.

Vi ser etter deg som skaper eit godt arbeidsmiljø og tar initiativ i ein innhaldsrik og spennande kvardag.

Dei kommunale barnehagane sine satsningsområder er; trygt og godt psykososialt miljø og inkluderende språkmiljø. Barnehagane har fokus på fagleg utvikling av tilsette og legg tilrette for at du får nytta fagkompetansen din.

Informasjon om barnehagane:
Det er ledige faste barnehagelærar og pedagogisk leiar stillingar i Jettegryto barnehage, Os barnehage og Trollskogen barnehage.

Kvalifikasjonar: 
Utdanning som barnehagelærar. 
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Søkarar må ha særs gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.

Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.

Vi tilbyr:

  • Barnehagar som har fokus på å vera mykje ute og gå turar i skog og nærmiljø.
  • Faglege og personlege utfordringar i gode og inspirerande arbeidsmiljø.
  • Betalt lunsjpause.
  • Mentorordning og nettverk for nyutdanna barnehagelærarar.
  • Løn etter gjeldande avtalar, og tillegg for relevant tilleggsutdanning.
  • Pedagogisk leiar tillegg på kr 37 000,-.
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Vi gler oss til å ta imot nye kollegaer og håpar du vil vere med oss på laget.

Informasjon om søknadsprosessen:
Skriv i søknaden kva barnehagar du er interessert. Ikkje vent med å sende inn søknaden din.
Vi tek intervju fortløpande.

Kontaktpersonar:

Jettegryto barnehage:
Line Ragnhildstveit  E-post: LIRA@bjornafjorden.kommune.no tlf 482 65 155

Os barnehage: 
Katharina Søreide E-post: katsor@bjornafjorden.kommune.no, tlf 944 48 508

Trollskogen barnehage:
Mariann Gjerdevik E-post: magjer@bjornafjorden.kommune.no, tlf 975 88 713

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodninga ikkje vert tatt til følgje, vil søkaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen

 


 

Del på:

Referansenummer:

25/3174

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Stillingsnivå:

Barnehagelærar

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

09.03.2025

Tiltreding:

01.08.2025

Arbeidsstad:

Kommunale Barnehagar i Bjørnafjorden

Adresse:

Rådhuset, Torggata 7 5200 Os

Kart: