
Bli fagarbeidar i Bjørnafjorden kommune!
Faste stillingar som fagarbeidarar i Bjørnafjorden kommune frå 01.08.25.
Ønskjer du å bruke fagkompetansen din til å gje barn og unge ein trygg oppvekst? Då har vi jobben for deg.
Vi ser etter deg som har eit sterkt engasjement for barn og unge, er fagleg engasjert og vil bidra aktivt for å skape trygge og inkluderande barnehagemiljø for barna våre. Du viser omsorg, evner å skape relasjoner til store og små, og tar ansvar. Du ser barna sine individuelle styrker og behov, og sørger for at dei opplever meistring gjennom leik og læring. Du må ha evne og vilje til fagleg utvikling og refleksjon. Vi ser etter deg som bidrar til å skape eit godt arbeidsmiljø og tar initiativ i ein innhaldsrik og spanande kvardag.
Dei kommunale barnehagane sine satsingsområder er; trygt og godt psykososialt miljø og inkluderande språkmiljø. Barnehagane har fokus på fagleg utvikling av tilsette og legge tilrette for at du får nytta fagkompetansen din.
Informasjon om barnehagane:
Det er fleire ledige faste fagarbeidarstillingar i Jettegryto barnehage, Os barnehage og Trollskogen barnehagen.
Kvalifikasjonar
Ønskeleg med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget, men anna relevant erfaring vil også bli vurdert. tanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir).
Søkjar må ha gode munnlege og skriftlege norsk kunnskapar.
Ønskeleg med erfaring frå arbeid i barnehage.
Vi gjer merksam på at du må leggje fram politiattest.
Vi tilbyr:
- Barnehagar som har fokus på å vera mykje ute og gå turar i skog og nærmiljø.
- Faglege og personlege utfordringar i gode og inspirerande arbeidsmiljø.
- Betalt lunsjpause
- Mentorordning
- Løn etter gjeldande avtalar
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Vi gler oss til å ta imot nye kollegaer og håpar du vil vere med oss på laget!
Informasjon om søknadsprosessen:
Skriv i søknaden kva barnehagar du er interessert i å jobbe. Ikkje vent med å sende inn søknaden din!
Vi tek intervju fortløpande.
Kontaktpersonar:
Jettegryto barnehage:
Line Ragnhildstveit E-post: LIRA@bjornafjorden.kommune.no tlf 482 65 155
Os barnehage:
Katharina Søreide E-post: katsor@bjornafjorden.kommune.no, tlf 944 48 508
Trollskogen barnehage:
Mariann Gjerdevik E-post: magjer@bjornafjorden.kommune.no, tlf 975 88 713
Del på:
Referansenummer:
25/3173
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Stillingsnivå:
Assistent
Fagarbeidar
Stillingstype:
Fast
Søknadsfrist:
09.03.2025
Tiltreding:
01.08.2025
Arbeidsstad:
Barnehagane i Bjørnafjorden kommune
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://Bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Rådhuset, Torggata 7 5200 Os