Bjørnafjorden kommune Samfunnsutvikling

Fagleiar - byggesak

Vi har ledig 100% fast stilling som fagleiar på byggesaksavdelinga i Bjørnafjorden kommune

Har du lyst å ta del i spennande utviklingsoppgåver i ein kommune i vekst? Stillinga som fagleiar på byggesaksavdelinga har fagansvar for bygge- og delesaker. I tillegg ligg arbeid med tilsyn- og ulovlegheit under same avdeling. Vi er på jakt etter deg som har god fagleg kompetanse kombinert med gode leiareigenskapar. Fagleg utvikling og rettleiing av medarbeidarar er ein viktig del av stillinga. Du vil få eit overordna ansvar for å halde avdelinga oppdatert på ny utvikling innan plan- og bygningsretten, og sikre effektiv utnytjing og organisering av ressursane i avdelinga. 

Arbeidsstad
Avdeling for byggesak, Bjørnafjorden rådhus.

Arbeidsoppgåver vil i hovudsak vere:

  • Fagansvar for byggesaksavdelinga, inkludert tilsyn og oppfølging av ulovlege tiltak.
  • Dagleg leiing av ressursane på avdelinga, med utgangspunkt i lovpålagte krav og politiske prioriteringar.
  • Godkjenning av vedtak og politiske saker
  • Ansvar for utvikling av retningslinjer og arbeidsrutinar for byggesaksavdelinga
  • Ansvar for fagleg utvikling i avdelinga
  • Førebu saker til politiske utval
  • Skriftleg og munnleg kommunikasjon med profesjonelle søkjarar, grunneigarar, naboar

 

Kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning frå universitet eller høgskule, fortrinnsvis innan rettsvitskap, eigedomsfag, bygg/ingeniørfag eller arkitektur
  • Erfaring innanfor plan- og bygningsrett
  • God kjennskap til relevante lovverk, særleg plan- og bygningslova
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne, med fokus på klart språk
  • Leiarerfaring
  • God digital kompetanse
  • Langvarig relevant praksis kan kompensere for manglande formell utdanning

 

 

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Me søkjer deg som;

  • Trivast i leiarrolla og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Trivast i ei fagorientert rolle der du i tillegg til daglig leiing skal gje fagleg rettleiing til dei tilsette på avdelinga.
  • Er løysingsorientert, strukturert og effektiv
  • Er fagleg oppdatert på utvikling innan fagområdet

 

Vi legg vekt på relevant erfaring og personlege eigenskapar.

Vi tilbyr:

  • Fagleg spanande oppgåver og eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Ei hektisk kvardag i ein kommune i kontinuerleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale
  • Fleksitidsordning

 

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Del på:

Referansenummer:

24/1556

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Samfunnsutvikling

Stillingsnivå:

Fagleiar
Jurist

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

07.04.2024

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Byggesaksavdeling

Kontaktpersonar:

Adresse:

Torggata 7 5200 Os

Kart: