Bjørnafjorden kommune Psykisk helse og rustenester

Fast 28,17 % helgestilling natt

Arbeidsstad

Bjørnafjorden kommune er ein nær og varm kommune, noko som viser seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! 

Avdelinga Askviknes oppfølgingsteneste har oppfølging av bebuarar som har behov for helsehjelp, og som har vedtak etter helse- og omsorgsstenestelova. Vi arbeider tverrfagleg, og er opptekne av godt samarbeid med tenestemottakarane våre, deira pårørande og med andre helsetenester. Saman jobbar vi for meistring og utvikling hos den enkelte, å skapa gode dagar og opplevingar, og å laga ein god arena for fellesskap.

Dei daglege arbeidsoppgåvene kan bestå i å følgja til ulike aktivitetar, praktisk bistand i samband med matlaging, gjere husarbeid, gå tur, fiska, dra på kino, handla og liknande. Hjå oss har vi ein kultur der alle bidreg ved behov. Stillinga har langvaktar med arbeid kvar 4. helg.

 

Arbeidsoppgåver

Du vil:

  • gi individuell og gruppebasert oppfølging i samsvar med vedtak og tiltaksplanar
  • yte naudsynt praktisk bistand, omsorg og helsehjelp gjennom natta
  • gjennomføre avtalte tilsyn og følgje opp behov som oppstår
  • utføre oppgåver knytte til legemiddelhandtering etter gjeldande rutinar og delegasjon
  • dokumentere i elektronisk pasientjournal (Profil)
  • utføre praktiske oppgåver som er lagt til nattevakt

Kvalifikasjonar

  • Det er ønskjeleg at du har påbegynt helsefagleg utdanning eller relevant erfaring frå helse- og omsorgstenester, men dette er ikkje eit krav
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til og ønske om å skapa gode relasjonar til brukarar og kollegaer 
  • Evne til å arbeida målretta og strukturert 
  • Du er fleksibel, løysingsorientert, lojal og pliktoppfyllande
  • Du taklar utfordringar, tek initiativ til å arbeidde for forbetringar og gode løysingar
  • Interesse for og motivasjon til å arbeide med menneske som har behov for oppfølging og helsehjelp

Det vert lagt særskild vekt på personlege eigenskapar

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeider for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest. 

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å dela BANK-ID informasjon i søknadsprosessen

Del på:

Referansenummer:

26/11962

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Helg
Natt

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Assistent
Helsefagarbeidar

Stillingstype:

Deltid
Fast

Søknadsfrist:

10.12.2026

Tiltreding:

04.01.2027

Arbeidsstad:

Askviknes oppfølgingsteneste

Kontaktpersonar:

Martha Gindl

Stilling: einingsleiar

tlf: +47 40001211

E-post: magi@bjornafjorden.kommune.no

Adresse:

Rådhuset, Torggata 7 5200 Os

Kart: