Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester

Fagarbeidar i turnus 100% stilling

 Er du typen som trivest når ingen dagar er like? Brenn du for å skapa meistring, ser moglegheiter framfor begrensningar og er trygg i rolla di? Då er det kanskje akkurat deg vi leitar etter. 

- 100% fast stilling ledig frå snarast.
Stillinga er i turnus med arbeidshelg f.t m/langvakt på helg

Arbeidsstad og Arbeidsoppgåver
Tilrettelagte tenester gjev tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar. Stillinga er for tida på Varafjell avlastningssenter. Avlastningssenteret ligg strategisk plassert, nær skule, idrettsanlegg, på Kuventræ, friluftsområde og har avlastingstilbod til foreldre med barn og unge med nedsatt funksjonsevne.

Varafjell har ledig fagarbeidarstilling for deg som ønskjer ein meiningsfull og variert arbeidskvardag. Du vil arbeide tett med barn og unge med ulike behov, og bidra til tryggleik, meistring og gode opplevingar. Stillingane inneber og ei viktig rolle i å støtte og avlaste familiar med krevjande omsorgsoppgåver, i eit fagmiljø prega av samarbeid, kompetanse og engasjement. Arbeidsoppgåver knytt opp mot barn, med behov for tett oppfølging, både i skule og i avlastninga.

  • Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane. I funksjonen inngår førebygging, habiliteten og rehabilitering.
  • Arbeidet består i å yte brukarane den bistanden dei treng for å gjennomføre daglege gjeremål, ta del i sosiale aktivitetar og gjere brukarane meir sjølvhjelpne. Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.• Du må vere villig til å ta på deg oppgåver som priværkontakt. Dette arbeidet inneber blant anna å følgje særskilt med på barnet sitt tilbod, stille på møter og vera ein aktiv deltakar i utvikling av barnet sitt tilbod. Arbeide aktivt saman med, og vere initiativtakar i høve tenestemottakaren sine pårørande, familie, vener og hjelpeapparatet elles.
  • Utføre oppgåver knytt til legmiddelhandering etter gjeldande rutinar og delegasjon
  • Dokumentere og oppdatere opplysningar i ekektronisk pasientjournal (Profil)

 Kvalifikasjonar

  • Du har autorisasjon som helsefagarbeidar eller fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.
  • Du har erfaring frå arbeid med born/ungdom med nedsett funksjonsevne
  • Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk
  • Kjennskap og erfaring frå helse og omsorgstenestelova kap. 9 er ønskjeleg
  • Førarkort klasse B

Vi legg vekt på å setja saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar. Det vert lagt særleg vekt på di kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar.

Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Det krevst dokumenterte norsk ferdigheiter på minimum nivå B2, både munnleg og skriftleg. 

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Kven er du?
Fordi du ønskjer å vere ein del av eit spennande arbeidsmiljø, er denne stillinga heilt perfekt for deg. Du ønskjer utfordringar og er opptatt av å ivareta barnet som om det var ditt eige. På bakgrunn av dine gode faglege og etiske verdiar, er nettopp du den vi treng for å kunne gi barnet eit godt heiltidstilbod.

• Du er sjølvstendig og har opparbeida deg gode samarbeidsevner
• Du er klar for noko nytt og spennande
• Du er endringsvillig og spontan og du ønsker ein jobb der utfordringane står i kø.

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring 
  • Løn etter gjeldande avtalarVi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.  

Del på:

Referansenummer:

26/11924

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Fagarbeidar

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

10.12.2026

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Varafjell avlastning

Kontaktpersonar:

Torild Mjelstad

Stilling: Avdelingsleiar - Varafjell avlastningssenter

mob: +47 907 44 897

E-post: tormje@bjornafjorden.kommune.no

Yvonne Matre

Stilling: Einingsleiar - Tilrettelagte tenester

mob: +47 902 89 733

E-post: yvm@bjornafjorden.kommune.no

Adresse:

Rådhuset, Torggata 7 0000 Os

Kart: