100% vikariat som helsefagarbeidar
Arbeidsstad
Bjørnafjorden kommune er ein nær og varm kommune, noko som viser seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Avdelinga Askviknes oppfølgingsteneste har oppfølging av bebuarar som har behov for helsehjelp, og som har vedtak etter helse- og omsorgsstenestelova. Vi arbeider tverrfagleg, og er opptekne av godt samarbeid med tenestemottakarane våre, deira pårørande og med andre helsetenestar. Saman jobbar vi for meistring og utvikling hos den enkelte, å skapa gode dagar og opplevingar, og å laga ein god arena for fellesskap.
Dei daglege arbeidsoppgåvene kan bestå i å følgja til ulike aktivitetar, praktisk bistand i samband med matlaging, gjere husarbeid, gå tur, fiska, dra på kino, handla og liknande. Hjå oss har vi ein kultur der alle bidreg ved behov.
Stillinga er ledig frå 04.01.2027 - 31.08.2027. Stillinga er i turnus med overvekt av langvakter (12,5 timar) og nokre ordinære vakter, og har arbeid kvar 4. helg.
Arbeidsoppgåver
Du vil:
- gi individuell og gruppebasert oppfølging i samsvar med vedtak og tiltaksplanar
- yte praktisk bistand og helsehjelp i kvardagen
- leggje til rette for aktivitet, meistring, sosial deltaking og gode opplevingar
- utføre oppgåver knytte til legemiddelhandtering etter gjeldande rutinar og delegasjon
- dokumentere og oppdatere opplysningar i elektronisk pasientjournal (Profil)
- kunne ha primærkontaktoppgåver og samarbeide med pårørande og andre tenester
- samarbeide tett med kollegaer og bidra til eit godt fag- og arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Ønskeleg med arbeidserfaring frå psykisk helse- og rusarbeid
- Erfaring frå arbeid med MAP/TERMA el. l. er ein fordel
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evne til og ønske om å skapa gode relasjonar til brukarar og kollegaer
- Evne til å arbeida målretta og strukturert
- Du er fleksibel, løysingsorientert, lojal og pliktoppfyllande
- Du taklar utfordringar, tek initiativ til å arbeidde for forbetringar og gode løysingar
Det vert lagt særskild vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeider for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å dela BANK-ID informasjon i søknadsprosessen
Del på:
Referansenummer:
2026/11630
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Sektor:
Helse og velferd
Stillingsnivå:
Helsefagarbeidar
Stillingstype:
Heiltid
Vikariat
Søknadsfrist:
02.12.2026
Tiltreding:
04.01.2027
Arbeidsstad:
Askviknes oppfølgingsteneste
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Rådhuset, Torggata 7 5200 Os