Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester

Ønskjer du å skaffa deg spanande og meiningsfull jobb på helg ?

Tilrettelagt tenester - arbeidsstad Os har ledige helgestillingar frå snarast

Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar. Tenesta består av 8 bufellesskap, 2 dagsenter og avlastning (avlastningssenter på Varafjell og avlastning i heim)

Nokre jobbar handlar om rutinar. Andre handlar om mennesket.
Hos oss får du moglegheit til å vera ein som skapar gode augneblikk, opplever meistring, tryggheit og glede i kvardagen. Ingen dagar er heilt like, og nettopp det gjer jobben spennande og meiningsfull.
Vi ser etter deg som ønskjer å bruka kunnskapen din til meir enn pleie og omsorg. Du som ser ressursane i kvar enkelt menneske, som byggjer relasjonar og som ønskjer å bidra til at våre bebuarar får leva aktive, sjølvstendig og innhaldsrike liv. 

Hos oss vil du:: 

  • Skapa gode opplevingar og meiningsfulle aktivitetar
  • Bidra til tryggleik, meistring og livskvalitet
  • Vera ein viktig støttespelar i bebuarens dag
  • Samarbeida med engasjerte og dyktige kollegaer
  • Få brukt både hjartet og kunnskapen din 

Stillingane er i turnus i varierande stillingsstorleik (13 - 30%) med variable vaktlengder, enten kvar 2,3, eller 4. helg. Spesifiser i søknad kva vaktordning du ønskjer.

Tenesta for vaksne 
- Bolig Moberg bufellesskap
- Idrettsvegen bufellesskap
- Bjørnefjorden bufellesskap
- Kuhnletunet bustader
- Søfteland bufellesskap

- Vestre Lurane bufellesskap

Tenesta for barn og unge 
-  Varafjell avlastningssenter 
-  Os avlastning  

Dersom du har bestemte ønskjer om avdeling, er det viktig at du set det opp i prioritert rekkefølgje i søknaden. 

Arbeidsoppgåver
Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar. Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver. 

Kvalifikasjonar
Til helgestillingar ønskjer vi også rekruttere deg som er student innan helse, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning. Andre søkjarar med relevant utdanning eller erfaring kan også bli vurdert. Vi søkjer og deg som er ufaglært, men har interesse for å jobbe med menneske, og som på sikt kunne tenke deg å ta ei relevant utdanning. Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk. Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar.
Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar.
 
Personlege eigenskapar:
Vi ser etter deg som trivst i arbeid tett på menneske, og som bidreg til å skapa tryggleik, meistring og gode dagar for bebuarane.

Søkjarar over 18 år vil bli prioritert.

Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet

Vi gjev merksam på at du må leggja fram politiattest

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Løn etter gjeldande avtalar. For sjukepleiarar og vernepleiarar i turnus i pasientnært arbeid, tilbyr Bjørnefjorden kommune tillegg i grunnlønn på kr. 25.000,- over garantilønnstabell. Studentar med relevant utdanning er omfatta av eiga avlønning.
  • Studentar som blir tilsett i minimum 13% fast stilling under dokumentert utdanning til sjukepleiar eller vernepleiar kan etter lokal ordning få tilbod om årleg stipend på kr. 15.000/20.000,-.
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Søknadane blir handsama fortløpande. Kun aktuelle kandidatar blir kontakta og kalla inn til intervju. Vi oppmodar deg derfor om å senda inn søknaden snarast

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

 

Del på:

Referansenummer:

2026/10118

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Helse og velferd

Stillingstype:

Helgestilling

Søknadsfrist:

31.12.2026

Tiltreding:

Fortløpande

Arbeidsstad:

Fleire avdelingar, Os

Kontaktpersonar:

Bøye Martins Skeie

Stilling: Avdelingsleiar- Bolig Moberg/Indrettsvegen bufellesskap

mob: +47 957 47 727

E-post: msbo@bjornafjorden.kommune.no

Grethe Norheim

Stilling: Avdelingsleiar - Os og Fusa avlastning/Fusa butenester

mob: +47 473 99 986

E-post: grenor@bjornafjorden.kommune.no

Kariann Dale Tveit

Stilling: Avdelingsleiar - Bjørnefjorden bufellesskap

mob: +47 918 08 490

E-post: kada@bjornafjorden.kommune.no

Siv Elise Clausen

Stilling: Avdelingsleiar - Kuhnletunet bustader

mob: +47 911 74 301

E-post: sec@bjornafjorden.kommune.no

Dina Basko-Cepule

Stilling: Avdelingsleiar - Søfteland bufellesskap

mob: +47 413 74 633

E-post: dinbas@bjornafjorden.kommune.no

Morten Thoms Thomassen

Stilling: Avdelingsleiar - Vestre Lurane bufellesskap

mob: +47 466 44 390

E-post: mto@bjornafjorden.kommune.no

Torild Mjelstad

Stilling: Avdelingsleiar - Varafjell avlastningssenter

mob: +47 907 44 897

E-post: tormje@bjornafjorden.kommune.no

Adresse:

Rådhuset, Torggata 7 0000 Os

Kart: