Tilkallingsvikar
Eining for psykisk helse og rus i Bjørnafjorden kommune har behov for tilkallingsvikarar som kan arbeide dag/ kveld- og nattskift.
Som tilkallingsvikar kan vi tilby vakter/arbeid ved fråvær pga sjukdom, ferie eller andre mellombels høve som fører til behov for midlertidig arbeidskraft. Tilkallingsvikarar har ikkje rett på å bli tilbudt arbeid eller plikt til å påta seg tilbudt arbeid.
Tilsetjing vil bli gjort fortløpande så vi oppmodar deg om å senda inn søknaden din snarast.
Behovet for tilkallingsvikarar gjeld i avdelingane:
Bufellesskap psykisk helse
Miljø og aktivitet
Askviknes oppfølgingsteneste
Dersom du har bestemde ønskjer om avdeling, er det viktig at du set det opp i prioritert rekkjefølgje. Du vil få mange interessante og varierande oppgåver, og godt samarbeid med kjekke og dyktige kollegaer.
Vi har ulike vaktordningar som t.d. langvakter, vaken nattevakt og kvilande nattevakt. Du vil bli kontakta for samtale der slike ønskjer kan avklarast.
Til informasjon vil det kun vere aktuelle søkjarar som vil bli kontakta og kalla inn til intervju.
Kvalifikasjonar
Vi ønskjer at du har helsefagleg utdanning eller er i eit helsefagleg utdanningsløp. Vi oppmodar særleg studentar innan helsefagleg utdanning å søkja.
Ønskjeleg med sertifikat.
Du er engasjert, trygg, omsorgsfull og har interesse for å jobbe med mennesker
Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Du har god norsk munnleg og skriftelg framstillingsevne
Dine personlege eigenskapar vil bli vektlagd
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Vi kan tilby
Løn etter gjeldande avtalar, med studentlønn for relevant utdanning
Ekstra tillegg for arbeid på natt
God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anordninga ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Del på:
Referansenummer:
2026/9871
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Ekstrahjelp
Heiltid/Deltid:
Ved behov
Arbeidstid:
Skift/turnus
Sektor:
Helse og velferd
Stillingsnivå:
Assistent
Fagarbeidar
Miljøterapeut
Sjukepleiar
Vernepleiar
Stillingstype:
Tilkallingsvikar
Søknadsfrist:
15.12.2026
Tiltreding:
etter avtale
Arbeidsstad:
Eining for psykisk helse og rustenester
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Rådhuset, Torggata 7 5200 Os