Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester

Helgestillingar - Fusa bu- og behandlingssenter

Fusa bu- og behandlingssenter (Fbbs) søkjer engasjert helsepersonell til helgestillingar – dag og kveld. Her får du moglegheita til å bidra til utviklinga av framtidas eldreomsorg, saman med dyktige kollegaer i eit inkluderande og fagleg sterkt miljø. 

Helgestilling er ein flott moglegheit for deg som er i eit helsefagleg utdanningsløp til å få lærerik praksis i høve utdanninga di. Er du ufaglært og har interesse for arbeid med menneske er du også velkommen til å søkja, og tidlegare arbeidserfaring vil bli vurdert opp mot det som er relevant for stillinga. 

Vi har fleire ledig faste helgestillingar med oppstart frå snarast.  
Stillingane er i turnus i varierande stillingsstorleik (13 – 20%) med arbeid på helg etter gjeldande turnusavtale.

Arbeidsstad
Fast helgestilling ved dei ulike avdelingane våre på FBBS (miljø, bu og korttid/rehab avd).

Arbeidsoppgåver

  • Pleie og omsorgsoppgåver
  • Aktivisering og praktisk hjelp til pasientar og bebuarar i institusjon
  • Bistå ved måltid / kjøkkenarbeid

Kvalifikasjonar

  • Du har helsefagleg utdanning, eller er under utdanning
  • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
  • Du har interesse for å jobbe med menneske og vurderer kanskje helsefagleg utdanning

Søkjarar over 18 år blir prioritert, men alle vil bli vurdert.
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest. 

Personlege eigenskapar

  • Du kan jobbe sjølvstendig og i godt samarbeid med andre
  • Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk
  • Du er pliktoppfyllande, fleksibel og samarbeidsvillig
  • Du har gode kommunikasjonsevner, godt humør og har evne til å møte andre på ein respektfull måte

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar. 

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
  • Spennande og engasjert fagmiljø.
  • God opplæring og rettleiing i aktuell avdeling.
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
  • Lønn etter gjeldende avtaler. Studentar med relevant utdanning er omfatta av eiga avlønning
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Det vil bli gjort fortløpande tilsetjing i helgestillingane slik at vi oppmodar om at du sender inn søknaden din snarast!

Vi ser fram mot å høyre frå deg!

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Del på:

Referansenummer:

26/5780

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Assistent
Helsefagarbeidar
Sjukepleiar
Vernepleiar

Stillingstype:

Fast
Helgestilling

Søknadsfrist:

31.12.2026

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Fleire avdelingar

Kontaktpersonar:

Adresse:

Leitet 28 5640 Eikelandsosen

Kart: