Bjørnafjorden kommune Lysekloster barneskule

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Undervisningsstillingar i Lysekloster barneskule

Vi har ledig 100 % fast stilling som kontaktlærar og 100 % vikariat som kontaktlærar frå 01.08.26. – 31.07.27. 

Vi søker deg som vil vera med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeider målretta for å skapa trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt. 

Satsingsområda våre er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20 (Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020). Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk. 

Arbeidsstad 
Lysekloster barneskule er ein 1.-7. skule med om lag 145 elevar og 22 tilsette. Skulen ligg ved idrettsbanen i Lysefjorden og er tilrettelagt for læring og leik både ute og inne. Bygda og lokalmiljøet er ein viktig arena i skulen si opplæring. I samarbeidet med heimane skal vi skape eit trygt oppvekst- og læringsmiljø for barn i bygda. 

Arbeidsoppgåver 
- Kontaktlærar, med undervisning i både små og store grupper. 
- Begge stillingane kan fordelast mellom alle trinn 1.-7. etter utdanning og erfaring. 
- Vi har bruk for medarbeidarar som ser gode løysingar innanfor tilpassa opplæring. 

Kvalifikasjonar 
- Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet (Allmennlærar, GLU 1.-10.). Utanlandsk utdanning må vere godkjent frå HK-dir. 
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune. 
- I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga. 

Eigenskapar 
Du må vera ein relasjonsbyggar og ein trygg klasseleiar som bidreg til inkludering og godt læringsmiljø. Vi ønsker tilsette med god fagleg kompetanse og vilje til å prøva ut nye arbeidsmetodar. Du må vera fleksibel, ha gode samarbeidsevner og kunna delta aktivt i pedagogisk utviklingsarbeid.  

Vi ser etter medarbeidarar som: 
- er ein tydeleg og engasjert klasseleiar og rollemodell 
- er aktiv i pedagogisk utviklingsarbeid 
- er oppteken av lesing som grunnleggjande ferdigheit 
- er fleksibel og har evne til å finne gode løysingar 
- har gode evner til samarbeid og til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollega 

Skulen har særleg behov for kompetanse innan faga norsk, matematikk og engelsk. Søkarane vil bli vurderte i høve til personlege eigenskapar og skulen sine behov. Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju. 

Vi tilbyr 
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø 
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring 
-  Løn etter gjeldande avtalar 

For undervisningsstillinger kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens pensjonskasse 

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn. 

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med nann, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette. 

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast
Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Stillingsnivå:

Lærar

Stillingstype:

Fast
Vikariat

Søknadsfrist:

07.06.2026

Tiltreding:

01.08.2026

Arbeidsstad:

Lysekloster barneskule

Adresse:

Edne 11 5215 Lysekloster

Kart: